God vekst i Seljord-handballen
Handballsesongen er over, og ivrige barn og ungdommar har avslutta årets seriespel. Neste sesong håpar handballgruppa i Seljord endå fleire vil bli med på handballbanen.
Alle laga i Seljord spela i april dei siste kampane. Seljord idrettslag er den einaste klubben i Vest-Telemark som har tilbod om handball-lag i serien, og det er arbeidd mykje for å auke interessa og talet på lag dei siste åra.
– Interessa er ikkje slik han ein gong var, men handballgruppa i Seljord har hatt stor vekst denne sesongen. Region Sør ynskjer meir aktivitet, og me håpar at me kan få endå fleire spelarar og lag neste år. I år har me hatt lag i årskulla G8, G9, J8, J11 og J13. Me har også hatt eit damelag som har trena denne sesongen, utan seriespel, fortel Unni E. Øygarden i handballgruppa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gutar 8 og 9 år har vore med i fleire aktivitetsturneringar denne sesongen. Desse to laga trenar i lag og er sett saman av 15 gutar fødd i 2010, 2009 og 2008.
– På aktivitetsturneringane spelar dei tre kampar på ein dag ei helg i månaden. G8 var på årets siste turnering 14. april. Då stakk dei av med heile to sigrar og hadde ein knepen eitt-måls tap, seier Øygarden.
Ho fortel vidare at ein kan sjå stor framgang på gutane og at dei gler seg til neste sesong.
Trenerar for gutane gjennom sesongen har vore Ida B. Syversen og Anthine Moen. Gutane avslutta sesongen på Granvin med kamp mot foreldre, og pizza etterpå.
Fin framgang
Laget for J8 har hatt 8 jenter fødd i 2010, 2009 og 2008 som kjem frå Seljord og Nissedal. Det er Ida B. Syversen som har trena laget, og jentene har delteke på fleire aktivitsturneringar.
Jenter 11 har spela totalt 16 kampar i løpet av sesongen, og fem av kampane har dei vunne. Laget har hatt ein fin framgang frå fjorårssesongen.
– Jentene hadde siste heimekamp i Seljord mot Herkules som enda med siger. Laget har vore sett saman av 20 jenter fødd i 2007 og 2006 frå Seljord, Morgedal, Kviteseid og Vrådal. Det er Ingvill L. Ståland og eg som har trena laget, seier Øygarden.
På J13 har det vore 15 jenter fødd 2003–2005 frå Seljord og Morgedal. Dei har spela 7 kampar denne sesongen, og vunne 4 av desse.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Jentene avslutta sesongen med bortekamp mot puljeleiar Herkules og kampen enda med eit knapt tap 9-8. Seljordsjentene sikra seg 3. plass på tabellen, berre 1 poeng unna 2. plassen. Det er Svanhild V. Moen og Hamish Moore som har trena dette laget, fortel Øygarden.
Skal på cup
I juni skal nokre av laga delta på Sommarland Cup i Bø.
– Me er spente og gler oss veldig til ei helg med handball, bading, grilling og overnatting i lavvo, seier Øygarden.
Ho vonar at gamle og nye spelarar frå Seljord, Hjartdal, Kviteseid og Nissedal kjem tilbake når neste sesong startar til hausten, og håpar også å sjå mange nye fjes.
Øygarden fortel også at handballgruppa arbeider for å starte eit G12 lag i Seljord for gutar fødd i 2006 og 2007.
– Men me treng fleire gutar for å få dette til. Me håpar derfor at det dukkar opp nye interesserte gutar til hausten. Meld gjerne interesse nå til handballstyret i Seljord, oppmodar Øygarden.