Bystrøm tilsett som ny Seljord-rådmann
Finn-Arild Bystrøm er audmjuk og stolt etter å ha blitt tilsett som rådmann i Seljord kommune.
Bystrøm er i dag tilsett som kommunalsjef for samfunn og utvikling i Tinn kommune, og byrjar i den nye jobben som rådmann i Seljord i desember.
– Eg vil ikkje reise frå ein ansvarsfull jobb med mange lause ballar i lufta, seier Bystrøm om bakgrunnen for at det endå er eit snautt halvt år før han byrjar i jobben som rådmann i Seljord kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trong ein puff
Han var ikkje blant dei opphavlege søkjarane då Seljord avslutta den fyrste søknadsrunden i vår. Då kommunen byrja runde 2 etter at fyrstevalet Thomas H. Gundersen trekte kandidaturet før tilsettingsmøtet i mai, blei Bystrøm oppmoda til å stille som kandidat.
– Eg trong nok ein liten puff. Det er stort å bli spurt. Eg er audmjuk og stolt, seier Bystrøm til VTB etter at eit samrøystes kommunestyret tilsette han som rådmann torsdag.
Han seier han kjem til å vera ein open og inkluderande leiar.
– Eg er nok ein litt utolmodig person, seier han.
Bystrøm er far til to jenter, og har delt foreldreansvar.
– Eg er dedikert til jobben, men sjølv om eg blir rådmann i Seljord skal eg også vera pappa. Eg skal vera med på fotball og hjelpe med lekser. Dei gjer meg heile som person, seier han om døtrene.
Stor respekt
Artikkelen held fram under annonsen.
Bystrøm har vokse opp på Rjukan. Han har 17 år bak seg i politiet, mellom anna eit par år som lensmann i Tokke. Før han byrja i Tinn kommune tok han mastergrad i leiing ved NTNU. Han skreiv oppgåve om korleis det er å vera ny leiar i politiet.
Han har også i to periodar representert Arbeidarpartiet i kommunestyret i Tinn. Men etter at han blei kommunalsjef måtte han leggje bort dei politiske verva. Det skal vera klare liner, meiner Bystrøm.
– Eg visste ikkje at det å vera lokalpolitikar var så mangfaldig.
Ein må kunne mykje om mangt. Eg har stor respekt for dei som stiller på liste, seier han.
Per Dehli sa opp stillinga som rådmann i januar. Kari Gro Espeland, som har vore blant søkjarane til den ledige rådmannstillinga, er for tida konstituert rådmann.