Bak f.v., Simen Sandsmark, Grethe Moland, Rebekka Nylund, Mari Kvelvane Johansen, Henriette Flatin, Mari Totland, Kristin Nørstud, Marie Ljosland, Josefine Ramslien Næss, Synnøve Ofte Jacobsen, Kristian Askjer, Marte Solli (andre rad f.v.), Liv Bjørklid, Johanne Østereng, Linda Nord-Varhaug, Eline Holen, Eli Andrea Revling Holm, Julie Kjøndal, Marthe Nymoen, Tommy Olsen (foran f. v.), Mia Westlund, Mari Kristiansen, Mari Nærbøe, Maria Møgster og Halvor Dahle, Markus Kveim og Sigurd Tveit er klare for kveldens russerevy på Kvitsund Gymnas.

Rusta til russerevy

I kveld brakar det laus med russerevyen «Russta for livet» på Kvitsund Gymnas. Årets russekull lovar ei morosam og energifull framsyning.

PR-gruppa:Mari Pedersen Totland (t.v)., Mari Kvelvane Johansen, Kristin Nørsrud og Marie Ljosland utgjer russerevyens PR-gruppe.

«Russta for livet» er det passande namnet på kveldens russerevy i gymsalen ved Kvitsund Gymnas. Avgangselevane Mari Pedersen Totland, Kristin Nørstrud, Marie Ljosland og Mari Kvelvane Johansen i skulens PR-gruppe, lovar ei forrykande framsyning – der spesielt lærarane får gjennomgå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med glimt i auget

– Dei fleste av totalt 60 russ ved Kvitsund Gymnas har på ein eller annan måte bidrege i russerevyen. Mellom anna har dei som spelar i framsyninga sjølve ordna kostymar dei skal bruke, og nokon held på med scene og lyd. Revydeltakarane har heile veka øvd på songane i dei musikalske innslaga. Eg trur folk skal få trimma lattermusklane, ikkje minst lærarane som skal få gjennomgå i ein sketsj eller to, lovar Mari Pedersen Totland.

Det er ikkje lenge sidan kvitsundelevane arrangerte «Prosessen» som særemne for avgangselevane. Det var i november i fjor, og ei erfaring dei har tatt med vidare i oppsettinga av årets russerevy.

– Særemnet i fjor var eit spennande prosjekt og det er morosamt å setje opp slike framsyningar. I russerevyen er det først og fremst humor som gjeld, og eg kan jo røpe at den raude tråden i revyen ligg i tittelen «Russta for livet». Det handlar om det å vekse opp og bli rusta for livet. Om kva tre år på Kvitsund Gymnas har gjort med oss, seier Marie Ljosland, som legg til at alle involverte gler seg til kveldens russeshow.

Mari Pedersen Totland (t.v)., Mari Kvelvane Johansen, Kristin Nørsrud og Marie Ljosland utgjer russerevyens PR-gruppe.
Mari Pedersen Totland (t.v)., Mari Kvelvane Johansen, Kristin Nørsrud og Marie Ljosland utgjer russerevyens PR-gruppe.

– Mange får utfordra seg i dei ulike rollene i framsyninga. Revyen består av sketsjar der også song og musikk gjer seg gjeldande. Det vil bli sketsjar om korleis skulens lærarar var då dei sjølve var unge. Også blir det litt om fotball-laget vårt «FC Noobs», og om dei som kanskje ikkje er så gode i fotball. Eg trur det blir veldig morosamt, slår ei smilande Kristin Nørstrud fast.

Overskot til misjonsprosjekt

– Alt har russen funne på sjølv. Det er mange gode sketsjar med lokale tilknytingar som vil krydre det heile. Vi har mange dyktige folk og har jobba med dette såpass lenge, at eg trur og håpar at russerevyen blir særdeles bra, seier Mari Kvelvane Johansen i PR-gruppa.

– Overskotet frå revyen går til skulens misjonsprosjekt i Indonesia. Vi ynskjer alle velkomne i kveld og håpar at det dukkar opp så mange at det blir fullt hus. Sjølv om vi er eit kristent gymnas kan eg lova at russerevyen vil sparke frå seg, smiler Mari Pedersen Totland til slutt.