Dette skjer
Hotellkonkurs nr. 2 i Vest-Telemark på mindre enn eit halvt år er eit faktum. Bandak Hotell på Dalen er overteke av skifteretten – etter at den største kreditoren, Tokke-Vinje sparebank, sjølv måtte syte for forsikring av bygningar og innbu.
– Tokke-Vinje sparebank har til gode snautt 1,4 millionar i buet. Me har pant i eigedomen og vonar å få dekt kravet vårt, men sikre er me sjølvsagt ikkje, slik marknaden for tida er, seier banksjef Gunnar Engen til Vest-Telemark Blad. Bandak Hotell er eit A/S med Luigi Valente som hovudaksjonær.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me stengde hotellet frå årsskiftet og har sidan arbeidd med å skaffe kjøpar – utan resultat så langt, seier ein talsmann for Valente.
Som største kreditor vonar sparebanken å få styring med salet av Bandak Hotell.
– Det me då ynskjer oss, er lokale interessentar som er viljuge til å satse for fullt. Gjerne mann og kone som kan gjera full eigeninnsats. Då burde det vera råd til å drive hotellet. Fjernstyring har i alle fall synt seg å vera lite gunstig, seier Engen.
Luigi Valente driv frå før to restaurantar i Oslo – Mølla ved Akerselva og Valentes på Majorstua. Vest-Telemark Blad har freista få ein kommentar frå Valente til konkursmeldinga. Det syner seg å vera svært vanskeleg. Valente er på tre vekers ferie og svært langt avgarde – på karneval i Rio.
Ei biljakt gjennom Vinje i går føremiddag enda i Maristigen i Tinn, der ei anleggsmaskin var for brei for fire biltjuvar frå Vestlandet.
Vinje lensmannskontor fekk melding om bilen frå Hardanger politikammer, og lensmannsbetjent Svalastog prøva – fånyttes – å stogga ferda i Vinje. Derifrå gjekk melding til Tinn.
(...) Før karane kom så langt hadde dei køyrd gjennom ei ny sperring på Møsstrond, og ei sperring med trebukkar i Maristien. Der låste tjuvane seg inne, og enden på visa var at politiet laut bryte seg inn i bilen.