Elias Norgaard, Olav Brennemo Eriksen, Elias Norgaard Johansen, Abdi Vartdal og Eiril Lauklid (tilfeldig rekkefylgje) i Seljord juniorspelemannslag saman med lærar Ragnhild Knudsen.
Elias Norgaard, Olav Brennemo Eriksen, Elias Norgaard Johansen, Abdi Vartdal og Eiril Lauklid (tilfeldig rekkefylgje) i Seljord juniorspelemannslag saman med lærar Ragnhild Knudsen.

Sjarmerande jubileumskappleik

Årets jubileumsutgåve av sjokoladekappleiken i Seljord, den tjuande i rekka, baud på færre deltakarar enn året før, men samstundes var det god kvalitet. Det borgar godt for framtida.

– Eg må innom og sjå korleis det står til med rekrutteringa etter meg og andre som er oppteken av folkedans og folkemusikk, sa Johan Vaa då VTB møtte han i vestibylen i pausen.

– Viktig tilbod

Artikkelen held fram under annonsen.

Seljord-ordførar Halfdan Haugan gratulerte med jubileet, og han slo fast at folkedans og folkemusikk er eit viktig fritidstilbod.

– Med aktive utøvarar får me tradisjonsberarar. Sjokolade er sentralt i dette arrangementet, og sjokolade er godt. Tanken var at ordføraren kunne skjenke sjokolade til jubileumskappleiken, men eg fekk beskjed om at sjokolade var det nok av. Dermed får de fruktkorger i staden, sa Haugan.

Ung kvedar

Ottar Rygh handtera hardingfela.
Ottar Rygh handtera hardingfela.
Gisle Snarteland (7) kvad «Nils bli fødd». I tillegg fekk han årets inspirasjonspris.
Gisle Snarteland (7) kvad «Nils bli fødd». I tillegg fekk han årets inspirasjonspris.
Ida Øygarden frå Seljord spela hardingfele.
Ida Øygarden frå Seljord spela hardingfele.
Olava Lie Verpe (t.v.) og Aasne Nordstoga kvad visa om «Gamle Gulbrand».
Olava Lie Verpe (t.v.) og Aasne Nordstoga kvad visa om «Gamle Gulbrand».
Lotta Maylen Friseth på hardingfela.
Lotta Maylen Friseth på hardingfela.

Gisle Snarteland frå Åmotsdal er sju år gamal. Han stod på scena og kvad.

– Har du halde på lenge?

– Kanskje eitt år, svarar han.

– Kven har lært deg å kvede?

– Det er Gro Verpe Moen, og eg er til Seljord kvar fjortande dag for å øve, kjem det kjapt frå sjuåringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så vidt eg veit er eg den einaste frå Åmotsdal som kvedar no, legg han til.

Ungguten fortel at han kveda «Nils bli fødd», og at Nils er ingen kven som helst Nils.

– Det er Sterke-Nils, og han blei sterk for- di han drakk hestemjølk, fortel Gisle.

Spelemenn og spelekvinner:Elias Norgaard, Olav Brennemo Eriksen, Elias Norgaard Johansen, Abdi Vartdal og Eiril Lauklid (tilfeldig rekkefylgje) i Seljord juniorspelemannslag saman med lærar Ragnhild Knudsen.Fele:Ida Øygarden frå Seljord spela hardingfele.Kveding:Olava Lie Verpe (t.v.) og Aasne Nordstoga kvad visa om «Gamle Gulbrand».Hardingfele:Ottar Rygh handtera hardingfela.Ung spelejente:Lotta Maylen Friseth på hardingfela.

– Kvifor valde du akkurat den?

– Det er den eg har lært sist, svarar han.

– Sjokolade til meg og veslebror

Den unge kvedaren seier at han har lyst til å kvede til han blir vaksen og kanskje endå lenger. Premien for alle som er med i Sjokoladekappleiken er fritt val av sjokolade, diplom frå to domarar og ei omtale av framføringa deira.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg valte ein pose Twist. Det blir nok mest på meg og veslebror Kjetil. Mamma og pappa får nok ikkje smake så mykje, smiler den bunadskledde kvedaren frå Åmotsdal.

Spirer

Det deltok mange dyktige kvedarar, dansarar og felespelarar. Nokon har halde på ei stund, medan andre er ganske ferske. Felles for dei alle er at dei gjer så godt dei kan, og det kan vere spira til nye knoppar innan folkemusikken og folkedansen.

– Eg var sjølv med i barneleikarringen då eg var gutunge. Det var Magne Eiesland som var læraren vår, og Torleiv Lykka spela. Eg kjem i hug me var både i Brekkeparken og i Ibsenhuset, mimrar ordføraren.

Totalt var det nærare 60 innslag i årets Sjokoladekappleik. I fjor var det over 70.

– Eg veit det er eit par andre arrangement som kolliderer litt med dette i Seljord. Slik sett skulle ein kanskje ynskje at ein var flinkare til å koordinere arrangement i same sjangeren, seier ein av domarane, Signe Årdalen Tveiti.

Snarteland fekk pris

Sjokoladekappleiken blei avslutta med utlodding av det som var att av sjokolade, og utdeling av inspirasjonsprisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prisen gjekk til Gisle Snarteland, fortel Torunn Raftevold Rue, som saman med dei andre lærarane innan folkemusikk og folkedans, gjorde ein stor innsats for å få jubileumskappleiken vel i hamn.

– Sytti betalande vaksne og 100 born med 60 innslag gjorde at kappleiken blei særs vellykka, seier Rue til VTB.