Potetdag på tunet
Kviteseid historielag kunne sist sundag bokføre ein tvers igjennom vellukka sesongopning med eit såvidt prosaisk produkt som poteta som hovudemne. Godt over 100 var med på prøvesmaking, foredrag og potetviser, og finvêret gjorde at Kviteseid bygdetun enda ein gong viste seg som ein framifrå stemneplass.
Kven var det så som gjorde Kviteseid til ei potetbygd av dei aller fremste? Først av alle sorenskrivar Niels Wamberg som sto fram i Gunnar Osen sin freidige og frodige skikkelse. Deretter Osmund Bjørnstad med slektsrøter i Fyresdal og Kviteseid som med professoral tyngde utskilte dei faglege fakta som unge Wamberg ikkje fekk med seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og til slutt Ågot Storlid som skildra potetas velsigning i fjellregionens kosthald.
I bur og loft og tun blei potetprodukt rikeleg hylla, og diverse rettar fekk publikum på nye tankar. Kanskje vi likevel skulle gi denne jordas aller mest produktive grønsak ein større plass.
Johannes Skarprud med hjelp frå museets flinke folk skal ha all ære av eit flott arrangement.
Tekst: Tore Skaug
Foto: Einar L. Søreide