Einar Søreide i det lokale mållaget blei med på turen i nynorskkommunen Kviteseid.
Einar Søreide i det lokale mållaget blei med på turen i nynorskkommunen Kviteseid.

Nynorskkommunen Kviteseid

Korleis står det eigentleg til med nynorskbruken i Vest-Telemark? I Kviteseid fekk me hjelp av leiaren i det lokale mållaget for å sjå nærare på saka. Og me fann litt av kvart ...

Einar Søreide er leiar i Kviteseid mållag. Han voks opp på Vestlandet og fekk nynorsken inn med morsmjølka. Einar takka ja til å vere med og sjå på målbruken rundt omkring i nynorskkommunen Kviteseid.

– Skal ein halde på nynorsk som eit levande språk, må det brukast. I Kviteseid er det krav om normert rett nynorsk for stat og kommune i offentleg skilting. For privatpersonar og bedrifter gjev det eit preg å bruke dialekt. Ein bør ikkje bruke bokmål på skilt. Men nokon er med i større kjeder der det kjem tilsendt skilt og anna på bokmål, er Einar klar over.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er ein med i ei landsdekkjande kjede, blir det bokmål. Skal du ta den kampen opp med kjeda, er han tung. Det er ikkje umogleg, men du må nok vere sta, utdjupar mållagsleiaren.

Den er god

Spørsmålet er kva som ventar oss på runden i Kviteseid.

– Me får nok ei salig blanding. Vegvesenet syndar godt. Me vil finne gode kommunale skilt, men også slurv i somme samanhengar. Blant private vil me finne alt frå dialekt til bokmål, trur Einar.

Me er på Norsk skieventyr i Morgedal, og Einar gler seg over fire store bokstavar på døra: «OPEN».

– Det skal så lite til for å få korrekt nynorsk. Åpen er Open. Lørdag er Laurdag, seier Einar.

– Sjå på skiltet ved innkøyringa til Morgedal. God nynorsk, held han fram med eit smil.

Bladfyken viser eit bilde av eit skilt oppe i Dalanvegen: All køyring paa eige ansvar.

– Paa, den er god, svarar Einar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bokmål i eine enden

Me køyrer snarvegen frå E 134 til Brunkeberg kyrkje og riksvegen der. I eine enden av snarvegen står det på skiltet med lastebil på: Gjeld gjennomkøyring. I andre enden: Gjeld gjennomkjøring. Gjelder ikke buss.

Neste snarveg er frå riksvegen og til botnen ved Dalanvegen. Eit kommunalt skilt får oss til å humre: Tidlegare har det stått «Gjelder» på skiltet, men «er» er fjerna i ettertid.

– Sjølvjustis? Dei som har sett opp skiltet har angra seg. Ein treng ikkje vere politimann for å sjå at her er det fjerna to bokstavar. Det er bra at dei blei tatt bort på eit skilt som er korrekt elles, seier Einar.

– Kva med skiltet «Kviteseidbrui», er spørsmålet når me køyrer over brua noko seinare.

– Flott. Det å ha i-forma viser at du er med på å ta vare på dialekten.

Eit skilt om «Vrådal booking» lyser mot oss.

– Booking har ikkje noko med nynorsk å gjere, men er eit engelsk ord som har kome inn. Det er vel ikkje noko norsk erstatningsord, etter det eg veit, seier Einar.

I Vrådal sentrum er det eit bygg med mykje reklametekst som får Einar til å utbryte:

Artikkelen held fram under annonsen.

– No har me kome til bokmålsbygda. Her er det mykje bokmål samla på eitt hus. Får håpe det ikkje spreier seg.

Smilet kjem fram att når han ser over på andre sida.

– Det er godt ein har «Gaaver», «Knivar» og det store skiltet «Velkomen til vakre Vrådal» som balanserer det ut, seier Einar.

Stoppeffekt

Det blir nokre mil til bak rattet før turen er over og det er tid for ei oppsummering.

– Me såg vegvesenskilt som ikkje skal vere slik. Og kommunen burde vore betre på skiltinga, seier Einar.

– Me leita etter dialektskilt, men fann det ikkje?

– Nei. Det hadde vore spennande om ein hadde fått til kreativiteten på dette området, ha noko å bli nysgjerrig på. All skilting har informasjon, og dialekt ville hatt ein kjempe stoppeffekt, svarar Einar.

– Eg lika ordet «Blomsterbua». Det same med skiltet «Kviteseid økonomi og rekneskap». Det er korrekt målbruk, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men totalt sett blei du ikkje overbegeistra etter turen?

– Nei, det burde vore betre i nynorskkommunen Kviteseid. Kommunal skilting blir ståande i årevis. Blir det slurva vil folk tenkje at det er slik det skal vere skrive. Det er ikkje fleire bokstavar i nynorskord enn i bokmål, så det treng ikkje bli meirkostnad. Nynorsk skriftmål skal vere det som skil Kviteseid og Oslo. Då bør skilt i Kviteseid vise at du er der og ikkje i hovudstaden, seier Einar.

– Men det store skiltet i Kviteseidkrysset likar eg. Heile forma er bevisst laga, og skiltet skal stå i lang tid, legg han til.

– Korleis skal ein få til betre nynorskbruk?

– Kanskje mållaget kunne hatt stikkinnom-kafé der folk kunne få råd om målbruk på plakatar, skilt og anna, svarar Einar.

God framside

Me tek ein sveiv innom heimesida til Kviteseid kommune og les gjennom dei fem siste aktuelle sakene.

– Her er det korrekt nynorsk og ikkje noko eg gruar meg over, seier Einar.

– Blei du litt imponert?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det me såg var veldig greitt, svarar han.

På nettsida til næringslivet i kommunen stoppar Einar opp ved Gullsmed Aabø.

– Klassedøme på god bruk av nynorsk, slår mållagsmannen fast.

Framsida til Kviteseidbyen har også i seg god nynorsk.

– Veldig bra framside, konkluderer Einar, like før reisa i nynorskkommunen Kviteseid er over.

Nynorskkommunen Fyresdal

Nynorskkommunen Nissedal