Ragnar Haugstøl (56) fekk kulturprisen for Seljord for eit variert kulturhistorisk formidlingsarbeid gjennom mange år.
Ragnar Haugstøl (56) fekk kulturprisen for Seljord for eit variert kulturhistorisk formidlingsarbeid gjennom mange år.

Med sans for lokalhistoria

Lokalhistorie frå Øverlandshei, Seljordshei og Brokefjell har interessert Ragnar Haugstøl sidan han var ung. På 17. mai-festen fekk han kulturprisen for Seljord for eit allsidig formidlingsarbeid av den lokale kulturskatten.

Mange har sett han som bussjåfør på jobb, eller som skodespelar og kvedar i ulike framsyningar på lokale bygdedagar og som Sterke-Nils under Dyrsku’n. Andre kjenner han som kvedar, historieforteljar, kulturskulelærar, eller fotograf.

Han har også drive innsamlingsarbeid av gamle soger, viser og segner frå lokalmiljøet. Særleg på 1970- og 80-talet var Ragnar Haugstøl ofte ute med kassettopptakaren sin og gjorde opptak. Nokre av desse er no digitaliserte og kan høyrast av alle ute på nettet. Med god hjelp av Jack Hagen, ligg 36 timar med lydopptak frå gamle forteljarar frå Seljord tilgjengeleg på videoarkivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der kan ein høyre viser, stubbar og forteljingar med Kjetil og Lavrants Øvsttveiten frå Seljordshei. Ein kan høyre Gunnhild Meås og Anne Gravalid fortelje om korleis ein laga klede i gamle dagar, eller også finne opptak frå 1980 med den legendariske spelemannen Jørgen Tjønnstaul.

I finkufta

Ragnar Haugstøl tek imot oss med finkufta på. Han serverer heimebaka rundstykke på tretallerkar og god kaffi i små, brune keramikk-koppar. I kjelen på kjøkenomnen putrar ei suppegryte. Den skal serverast til venner etter prisutdelinga på 17. mai.

– Ein tenker sjølvsagt i ettertid at ein skulle ha tatt opp meir av dei gamle sogene og dei som fortalde. Eller at eg skulle ha byrja før, seier han.

Likevel må ein seie at han har klara å samle mange ulike forteljarar. Fleire av dei kjende han ikkje frå før, og måtte bruke tid på å skape tillit, før han kunne ymte frampå om opptak.

– Eg hugsar at det var ei kjering som syntest det var så ørteleg. Når eg skulle gjere opptak av henne, måtte eg sitje på ein stol bak henne, som i ein buss.

Kvedaren

Andre informantar kjende han så og seie frå barnsbein av. Kjetil og Lavrants Øvsttveiten kjende han godt. Av desse to lærte han også mange visestubbar, som han seinare har bruka i eiga kveding. I tillegg til at Ragnar held konsertar, har han også vore lærar i kveding ved kulturskulen i Seljord i ni år.

– Eg lærte å kvede av meg sjølv, men eg har høyrt på opptak av Lavrants. Det er så mange, men Bjarne Øverbø frå Åmotsdal var ein kvedar eg set høgt. Nokon kvedarar har det, andre har det. Eg har teke til meg det eg synest er best.

Fotografen

Ei anna interesse som utvikla seg til å bli ein stor hobby, er fotografi. Inne på «skryterommet» hans heng diplom og vinnarbilde på rekke og rad på veggane. Flotte portrett av for eksempel Kjetil med det utruleg kvite, strittande skjegget. Ein gut med høybør på ryggen. Ein buksebak frå Dyrsku’n. Eit par sko.

Artikkelen held fram under annonsen.

Motiva er mange og turane har til tider vore lange. Ikkje bare til heiene i Seljord, men også til Nepal og andre eksotiske land har fotografen reist for å knipse blinkskota.

Ikkje bare stillbilde ligg i arkivet til Ragnar. Filmen «Fire sogeseiarar» er ein av fleire filmopptak han har gjort. Her ligg også verdfullt lokalhistorisk materiale, men dette er førebels ikkje digitalisert.

Forteljaren

Han er glad i dei gode forteljarane, og han fortel sjølv. Om hausten held han lysbildeføredrag. Eit heiter: «Mi heimbygd», som viser lokalhistorie frå Seljord og Kviteseid.

Om sommaren har det blitt tradisjon at han held såkalla husmannsvandringar. I år leiar han vandringa til Mannslagarroe, i samband med oppsetjinga av Seljordspelet om Olav Garvik, mannslagaren som var fredlaus i 2,5 år.

Av eldre forteljarar nemner han «Lugar-Ola» – Olav Sandsdalen, og eventyrforteljaren Anne Golid.

– I dag er Sigurd Telnes ein flink forteljar. Me arbeidde i skogen saman, og det blei lange matpausar, hugsar Ragnar, som synest det er gildt å møte folk som klarer å levandegjere historia til folk ein sjølv ikkje har treft.

Kulturprisvinnaren

17. mai fekk Ragnar Seljord kommune og Seljord Sparebank sin kulturpris. 20.000 kroner og ei bronsestatue av Ellen Grøstad Barstad.

– Det er ein pris eg føler heng så høgt at det ikkje er noko ein går rundt og tenkjer på. Det er ikkje til å tru at eg skulle få han. Men det er koseleg å få ein slik pris – det er eit klapp på skuldra, seier Ragnar Haugstøl.