Folkemusikkunderholdning på Dalen bryggje
Fredag kveld skal Ragnhild Rose Knudsen og Torunn Raftevold Rue frå musikkgruppa Glima, saman med kvedaren Ragnar Haugstøl, underhalde på bryggja før opning av årets bryggjeutstilling med Jonny Andvik og årets fyrste kanalbåt, «Henrik Ibsen», kjem til Dalen.
Både Ragnhild og Torunn var med frå starten av Seljord spelemannslag og blir mykje bruka til å spele til dans for Kviteseid og Seljord folkemusikklag. Dei framfører mykje slåttar frå Telemark og Vestlandet, og ofte har dei moro av å spele tostemt på bratsj og fele. Dei har vunne gruppespel på Landskappleiken og seier at dei har fått mykje inspirasjon av andre kjente spelemenn i denne delen av Telemark. I Glima, som har gjeve ut to cd-ar, er òg Helene Waage med på cello og harpe. Til hausten kjem den tredje cd-en frå trioen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ragnar Haugstøl var frå liten av glad i song og musikk og etterkvart kom han meir og meir fram som til dømes på kappleikar. Han og Ragnhild Rose Knudsen har god erfaring med musikalsk samarbeid. Blant hans tidlegare samarbeidspartnare kan og nemnast Sara Fjågesund Aase. Dei var både med på innspeling av cd-en hans «Tussegarden», som blei gjeve ut gjennom Etnisk Musikklubb. Han er soleis ein mann med kvedingi til noko meir enn bare husbruk.
Arrangørane Anna og Bjønn Lysdahl ynskjer publikum velkommen til eit triveleg folkemusikkinnslag på bryggja.