Tur til Guro Heddelid-hella
Torsdag 12. oktober startar Seljord sogelags sogevandringar opp igjen. Den fyrste turen går til Guro Heddelid-hella i Flatingrenda. Der blei det i vår sett opp ei tavle med tekst om den gamle segna, og korleis den store steinhella hamna der. Sigurd Telnes har skrive teksten, og Einar Særsland har gjort ein framifrå jobb med å rydde rundt hella og setje opp tavla. Dette er eit kulturminne mange ikkje veit om.
På staden vil Bergit Telnes fortelje meir om Guro Heddelid, og Ragnar Haugstøl vil mellom anna kvede viser. For å koma dit hella ligg, kan ein anten køyre til Flatin og gå 200 meter opp, eller gå den gamle ridevegen frå enden av Prestegardsvegen over til Flatin. Ein køyrer med privatbilar, og kan velje kva som passar best som utgangspunkt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er som vanleg frammøte ved Frivilligsentralen, og etter turen blir det høve til å kjøpe mat på kaféen.