Hadde tørrfurua kunna snakke ville ho fortald oss historia om området dei siste 1000 åra.
Hadde tørrfurua kunna snakke ville ho fortald oss historia om området dei siste 1000 åra.

Fellestur til Brakandalsnuten sundag 18. juni

Denne turen er utsett frå 11. juni til sundag 18. juni på grunn av snøforholda i området, og at ein er avhengig av opptørka skogsbilveg å køyre på.

Frammøtestad blir på fylkesvegen mellom Fjågesund og Kilen, der staden vil bli merka med stort DNTflagg. Derifrå blir det samkøyring på skogsbilveg inn til ein støyl der turen startar. Det er jamt stigande og variert terreng mot toppen, og turen opp dit vil ta om lag 2 timar, fyrst på traktorslepe og seinare i skogsog fjellterreng. I store trekk vil det bli ein fram og tilbake-tur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nuten byd på fin utsikt til fleire kantar, og i nordvest kneisar den høgare og meir kjente fjellnaboen, Brokefjell med Mannslagarnuten. Mellom desse fjella ligg Brakandalen med buplass frå tidlegare tider. Her budde den mektige Jon Brakandalen, som åtte store område i Kviteseid. Den tidlegare ferdselsvegen, «Byvegen», mellom Kviteseid og Grenland gjekk gjennom Brakandalen.

Ragnar Haugstøl blir med som kjentmann og forteljar og Tor Østenå som grunneigar. Også han vil kunne informere om mykje interessant i området.

Turen vil vera ein dagstur på 5–6 timar, slik at ein må ha med seg bra med mat og drikke, vanlege turklede etter forholda og godt og solid fottøy.