Nytolking av kriminalhistorie frå 1600-talet
Seljordspelet 2009 vert eit nytt spel tufta på ei gamal soge frå bygda ei kriminalhistorie frå 1600-talet. Dramatikaren Elisabeth Hagen har tolka soga, og i august er det premiere på «Spelet om Olav Mannslagar».
Hæge Manheim, kunstnarleg leiar i Seljordspelet, fortel at soga har vore dramatisert før, men då prega av tablå-teater som fortalde kva som skjedde og ikkje kvifor.
Tidlegare manus er kanskje også prega av at forfattarane var menn av ei anna tid enn vår, seier Hæge Manheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jamvel om soga er frå 1600-talet, meiner Hægheim ho er syrgjeleg aktuell. Kva driv eit menneske til å ta livet av eit anna? Kva tankar har mordaren og kva gjer han etterpå? Kva med dei pårørande, mordarfamilien, bygdefolket og samfunnet?
Elisabeth Hagen prøver i dramatiseringa å gje svar på desse essensielle spørsmåla og kva for haldningar som kjem fram.
Eg har skrive eit nytt stykke om Olav Mannslagar. Det har vore ein spennande prosess å lage den nye versjonen. Soga er godt dokumentert, mellom anna gjennom rettsdokument, og noko av kjeldematerialet har eg støtta meg til under skrivinga. Men minst like viktig har den munnlege folketradisjonen vore med overtru som eit viktig element. Historia eg har skrive er ikkje heilt den same som det som har vore framme tidlegare, fortel Hagen og lovar at både kjerringa, kniven og sokkane er med også i det nye spelet.
Det er så nært
Dramatikaren nyttar høvet til å takke Sara Fjågesund. Ho har skrive masteroppgåve på høgskulen i Rauland om kva mytane dreier seg om, og korleis dei framleis lever i samfunnet. Element frå denne oppgåva har vore til stor nytte under manusskrivinga.
Elles er det ikkje så lett å snakke om «Spelet om Olav Mannslagar». Det er så nært for meg, seier Elisabeth Hagen.
Dag Aanderaa er leiar i Seljordspelet. Han gjev uttrykk for at spelet no er inne i ein god tradisjon. Aanderaa dreg fram æresdrap som eit døme på aktualiteten til det nye spelet. På 1600-talet var æresdrap ikkje uvanleg i Noreg når nokon kjente seg krenkte av likesinna. Denne tradisjonen lever enno i andre kulturar.
Lokale krimsaker
I samband med at Elisabeth Hagen overrekte manuskriptet til Dag Aanderaa på ein bokkafé i Seljord folkeboksamling denne veka, hadde Bergit Telnes eit interessant kåseri om Ståle Åsheim og Olav Garvik (Mannslagaren). Ho fortalde om lokale kriminalsaker og mordarar.
På den tida desse karane levde dreidde dei fleste kriminalsakene seg om vald. Faktisk var heile 70 prosent av kriminaliteten vald slåssing og drap. Under fem prosent var vinningskriminalitet, men så var det ikkje så mykje å stele på landsbygda på 1600-talet, fortalde Bergit Telnes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Straks manuskriptet var overlevert fekk me oppleve den fyrste leseprøva. Skodespelarane Hæge Manheim og Torgeir Fonnlid las utdrag frå «Spelet om Olav Mannslagar».
Tor Arne Ursin frå Grenland Friteater skal vere regissør for årets Seljordspel som har i alt 17 ulike roller. Vidar Ytre-Arne er musikalsk ansvarleg og skal spele saman med Per Christensen og Trond Flatland Jensen.