Gitarist Vidar Bråstøyl Tjønn hadde laga melodien til båe dei instrumentale rockelåtane Team Elliot's spela. Bandet hans blei valt ut til å opptre på fylkesmønstringa i Bø i april. Ottar Halvor Ringhus og Awal Mohamed er dei andre medlemene.
Gitarist Vidar Bråstøyl Tjønn hadde laga melodien til båe dei instrumentale rockelåtane Team Elliot's spela. Bandet hans blei valt ut til å opptre på fylkesmønstringa i Bø i april. Ottar Halvor Ringhus og Awal Mohamed er dei andre medlemene.

Den største mønstringa nokon gong

Heile 150 deltakarar gjorde Ungdomens kulturmønstring i Vinje til det største UKM-arrangementet i Telemark.

Kulturskulerektor Anders Blystad trur deltakinga på UKM i vesle Vinje er den beste i fylket nokon gong – i alle fall så langt han har klart å rekne ut. 150 deltakarar, fordelt på 64 innslag, er rekordhøgt.

Mykje av årsaka er den store satsinga på ei UKM-veke for alle elevar i 8. og 9. klasse i kommunen, fortel ein glad kulturskulerektor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nærare ein tredel av dei som er i målgruppa, er faktisk med i UKM i år. Det er me veldig stolte av, seier Blystad. Ein svært viktig del av mønstringa er kunsten, og både biletkunst, skulpturar og skrivekunst var representert i stort monn i Vinje. Også matlaging og media stod på deltakarlista.

Men det er i stor grad scenekunsten som dreg folk til arrangementa. Blystad fortel at kulturskulelærarane jobbar hardt for å motivere flest mogleg til å gå på scenen.

– Det er mange som gruar seg fælt før dei skal utpå, og det føregår mykje motivasjonsarbeid bak scenen. Men når dei kjem av scenen etter å ha spela, er det med dei breiaste smila, seier Blystad.

I år var det flest gitarar og rockeband på UKM-scenen i Vinje. Neste år er målet endå større variasjon. Fleire pianospelarar, fleire hardingfeler.

– Me har mange elevar som er nybyrjarar her. Dei kunne absolutt stilt, men ynskte ikkje det. Då får me jobbe fram mot neste år, seier Blystad.