Bu-pris til Vinje slakteri
Vinje slakteri fekk fredag årets bygdeutviklingspris for Telemark. – Det er moro å bli sett pris på, seier Aslaug Kostveit.
Vinje slakteri starta opp i 2009 på garden Kingland i bygda Våmartveit i Vinje. På garden driv Aslaug Kostveit og Knut Erik Jordstøyl med oppdrett av hjort, og med eit eige slakteri slaktar dei og foredlar produkt frå sin eigen hjort, i tillegg til at dei slaktar for andre.
Saftige steikar, indre- og ytrefilet, grytekjøt og ein mengd andre produkt kan ein få tak i ved slakteriet. Det er ikkje få som har smaka på Vinjeburgarane på forskjellige messer rundt om i Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gjev motivasjon
Utdelinga av årets BU-pris skjedde i samband med avslutninga av Gründerveka i Skien. Slaktar Wibo van der Schuur og Aslaug Kostveit var til stades for å ta imot prisen, og dei var glade for tildelinga.
– Det er sjølvsagt veldig moro å få ein slik pris. Det gjev motivasjon til å fortsetja. Det er morosamt å bli sett pris på. Og så er det moro at det er Vinje kommune som har foreslått oss som kandidatar til denne prisen. Det er svært, seier Aslaug Kostveit til VTB.
Ei flink bedrift
Juryen peiker på at Vinje slakteri er ei bedrift som er flink til å utnytte lokale råvarer og foredle desse på tradisjonelt vis.
– Dei er slik ein viktig kulturberar av den lokale mattradisjonen. Samstundes er dei ikkje redde for å tenkje nytt om produktutvikling, og dei leverar gode og spanande produkt. Dette er spanande næringsutvikling i ei bedrift som ligg avsides og «grisgrendt» til, og ei bedrift som både har kompetanse og mogelegheiter til vidare vekst, uttalar juryen.
Forutan eit diplom og heider og ære, er prisen på 50 000 kroner. Fylkesvinnarane går også vidare til den nasjonale finalen, der prisen er på 250 000 kroner.