Rådmann Øystein Tveit fortalde formannskapet om kommuneøkonomien. Til høgre sit Anne Birgit Solid (Sp) og Halvor Nyland (H).
Rådmann Øystein Tveit fortalde formannskapet om kommuneøkonomien. Til høgre sit Anne Birgit Solid (Sp) og Halvor Nyland (H).

Manglar fire millionar kroner

KVITESEID: Auka lønnsutgifter og mindre kraftinntekter er nokre av årsakene til at kommunen må spare over fire millionar kroner.

Rådmann Øystein Tveit kom ikkje me nokre kuttframlegg i si orientering, men ville gjere politikarane merksam på situasjonen før arbeidet med budsjettet går i gang.

– Me manglar om lag 4,1 millionar kroner per no. Det er ikkje heilt endelege tal, då det enno er postar som ikkje er endeleg avklart, sa Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Auka utgifter

Mellom utgiftspostane som har vore større enn forventa er den auka lønsveksten i kommunen.

– Utgiftene til løn aukar med 2 millionar etter årets lønsforhandlingar. Det er også auka utgifter til barnevern og vedlikehald av kommunale vegar, held han fram.

Inntektene har også blitt mindre en ein fyrst rekna med. Det har kome inn mindre skjønnsmidlar og mindre inntekter frå Vest-Telemark kraftlag, på til saman ein million kroner.

– Eg kjem ikkje til å gjere framlegg om å innføre eigedomsskatt. Det kjem nok til å kome nokre upopulære tiltak, men også nokre gode tiltak så lenge ein arbeider med dei, sa rådmannen.

olav@vtb.no