Rekordmange har førehandsrøysta i Seljord
I Seljord har dei i år slått alle rekordar. 500 menneske hadde stemt før klokka 15 på fredag.
– Me er utruleg fornøgde, seier valansvarleg i Seljord, Bente Widenoja Sudbø.
– Ved førre kommuneval for fire år sidan var det 236 som stemte. Dette er over ei dobling av førehandsrøyster, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det syner at folk er veldig engasjerte, held ho fram.
Ho fortel at 457 av røystene er frå kommunens eigne innbyggarar, men så mange som 43 av dei som har røysta er frå andre kommunar.
– Ein del av dei er folk som jobbar i Seljord, men bur i andre kommunar. Og så har mange av folkehøgskuleelvane vore her og stemt, seier Sudbø.
Å legge til rette for at folk skal kunne stemme på førehand er arbeidskrevjande.
– Me må følgje bestemte prosedyrar, men det er utruleg morosamt når så mange nyttar høvet, seier Sudbø.