Nei til å frådele tre tomter

_ Nordbygda: Elin Tjønn har søkt om å dele frå tre tomter for fritidsbustader, ei utbygd og to ubygde, frå eigedomen sin Grovum nedre. Arealet som dei aktuelle tomtene ligg i er i kommuneplanen frå 2014 regulert til byggeområde avsett til bustader.

Rådmannen tilrådde å gje dispensasjon frå arealføremålet byggjeområde, bustader og frå reguleringsplankravet for frådeling av tre tomter til fritidsbustader. Eit samrøystes formannskap meinte noko anna og ville ikkje kome søknaden i møte.