Full fart i Morgedal
Laurdag blei Multisport Morgedal arrangert for tredje år på rad og det var rekordstor deltaking på arrangementet. 123 deltakarar stilte til start i godt vêr.
Om du køyrde forbi Morgedal laurdag var det umogeleg å ikkje få med seg at det var uvanleg stor aktivitet både på land og i vatnet. Med kajakk, sykkel og på apostlanes hestar konkurrerte vaksne og unge i å koma fyrst til mål.
I fjor var det 81 deltakarar på Multisport Morgedal, og med ein auke på 42 deltakarar kan arrangørane seie seg godt nøgde med dagen. Med over 150 tilskodarar langs sidalina var det mange som hadde tatt turen for å sjå atletane i aksjon, Både start og målområdet, saman med vekslingane var lagt til Morgedal sentrum, og der blei det rapportert om svært god stemning.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mountain challenge
Det var 24 individuelle deltakarar i den tyngste løypa, Mountain challenge. Sju lag med tri utøvarar var òg med, slik at det til saman var 45 deltakarar. Alle saman fullførte 5 kilometer i kajakk, 28 kilometer sykling og 11 kilometer springing på under 4 timar.
Fleire frå Telemark hadde svært gode resultat. Per Gunnar Mustad frå Langesund var raskast for tredje år på rad med tida 2.36.42. Harald Lauvik Gjeldstad frå Morgedal vann juniorklassa med tida 2.51.38, og det heldt til ein tredjeplass totalt. Malin Lundvik frå Evjen kom i mål som raskaste kvinne på tida 3.03.45.
Morgedal classic
I Morgedal classic skulle deltakarane padle i kajakk i 1,75 kilometer, sykle 12 kilometer og springe 3 kilometer.
Det var 33 individuelle deltakarar saman med ni lag som deltok.
Kolbjørn Birkreim frå Flatdal idrettslag blei raskaste mann med tida 44.50 og Tine Raisbekk frå Bø kom fyrst i mål i klassa for kvinner med tida 54.50.
Morgedal mini
I Morgedal mini er det 3 kilometer på sykkel og to kilometer med løp og dette var for dei yngste.
Det deltok 26 ungar under 12 år. Den raskaste jenta var Ingvild Gåskjenn frå Horten, og fyrste gut i mål var Harald Lauvik Gjelstad frå Morgedal.
Gode tilbakemeldingar
Arrangørane for Multisport Morgedal, Morgedal utvikling og Morgedal idrettslag fekk mange gode tilbakemeldingar både frå publikum og deltakarar. Det var skryt frå dei profesjonelle og meir erfarne utøvarane i challenge, der nokon meinte at dette var ein av dei beste løypene dei hadde vore med på.