Selde inn lokalmat for næringslivet
Lokalmatsamlinga i Morgedal skulle auke medvitet og samarbeidet mellom produsentar, kokkar og næringslivet.
Morgedal
Samlinga er i regi av kommunane i Fjell-Telemark, Vest-Telemarkrådet og Morgedal Hotell, og er for å skape vekst hjå lokale matprodusentar og reiselivet. Bedriftsrådgjevar Guro Mæland fortel om ei uformell samling der folk frå dei ulike næringsledda samlast for å lage mat basert på lokale råvarer som dei tek med sjølv. I tillegg til foredrag og sosialisering.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Målet er at produsentane blir kjende med kvarandre, og at ein lærer meir om kva som er etterspurd i reiselivet. Kokkelærlingane er også med for å lage ein eigen meny basert på råvarer som finst her i Telemark. Ein vonar desse tek med seg dei ideane uansett kor i landet dei ender opp med å arbeide, seier Mæland.
Tore Namstad har vore restauratør og kokk i 38 år og har gjeve ut fleire kokebøker. Han hadde mykje ros, og litt ris å kome med.
– Det er flott at det er 90 påmelde, då me i utgangspunktet trudde det kanskje kom 40. Det syner stor interesse for mat og kokkeyrket. Eg synest lærlingane frå Seljord vgs. var flinke, og løyste jobben med å lage ein meny. Det meiner eg, og eg plar ikkje snakke folk etter munnen, seier Namstad.
Han etterlyser samstundes ein klart definert identitet og stilte det retoriske spørsmålet om kvifor han som kunde skulle stoppe i Vest-Telemark for å ete.
– Eg har ikkje fått nokon klare svar, det er mange gode råvarer, og dei smakar best med ei enkel tilbereding. Det er også viktig med slike møteplassar så produsentane kan samarbeide om produkta sine. Skal ein lukkast kan ikkje alle produsere det same, og konkurrere med kvarandre, legg han til.
Christoffer Greiner Fallet er tidlegare elev ved kokkelinja i Seljord. Han er no lærling ved den anerkjende restauranten Vaaghals på Barcode i Oslo.
– Det var spanande å ikkje vite om råvarene på førehand. Me vart presentert for dei lokale produkta, og kva som passa saman i ein meny, seier han.
Lærar ved kokkelinja Jane Henriksen meinte det var nyttig for elevane å bli kjend med produsentane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er gull verdt å bli kjend med lokale råvarer for dei kokkane som reiser ut, og skal arbeide i heile landet, seier Henriksen.
Mæland fortel at emneknaggen smakenavtelemark på sosiale medium skal vere med å synleggjere innovasjon i bransjen.
– Me vonar dette kan bli ei årleg samling som bevisstgjer haldningar til lokalmat, seier ho.
olav@vtb.no