Store ambisjonar for kulturlivet
Roger Brekkan er ny arrangementsansvarleg på Morgedal hotell. Han er heilt fersk i hotellbransjen, men har årevis med erfaring frå uteliv- og kulturbransjen.
– Eg har alltid syntest det er artig å halde på med arrangement av ymse slag og gjennomføre med begge beina på bakken, og dette er i alle fall rette staden for fine nedslag, seier Brekkan.
Han er knappe to veker inn i ny jobb på Morgedal hotell, men boblar nærast over av idear til kva hotellet skal tilby. Det er alt salsutstilling på hotellet, og det vil dei halde fram med. I tillegg vil Brekkan arrangere konsertar innanfor sjangrar som vise, country, klassisk og americana, og ikkje minst har han eit stort ønske om å skipe til bluegras-festival på campingplassen på sikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg vil at hotellet skal bli kulturhuset i Morgedal, og at dei som bur her skal kjenne eit eigarskap til hotellet. Og eg ønskjer at ordet skal spreie seg om at her skjer det ting, så folk vil kome hit og kanskje flytte hit.
After-aking
Skitrekket er ikkje ope i år, men dei har planer om å forlenge skitrekket og bakken slik at fleire skiglade vil la seg lokke til skisportens vogge komande vintrar.
– Det blir neste år, men i årets påske skal me arrangere isfiske og akedag. Alle er velkomne og det blir grill og kos. Påskeharen kjem og etter akinga på laurdag blir det after-aking og konsert med Remi Nærbø.
Opphavleg kjem Brekkan frå Malvik på bygrensa til Trondheim, men han følgde hjartet og flytta til Seljord for om lag femten år sidan. Då hadde han budd i Oslo i mange år, og dei siste åra før han og familien flytta til Telemark, var han dagleg leiar i Skuret kulturpub.
– I løpet av dei fem åra arrangerte me 1000 konsertar, så eg var sliten. Me hadde to små barn og flytta til Seljord for å vere nærare besteforeldre, og har vore der sidan. Me trivst kjempegodt.
Brekkan har vore produksjonsleiar for Seljord-spelet, og når det har gått trått i kulturlivet har han arbeidd som elektrikar som han utdanna seg til som ung. Nå har han lagt verktøyet på hylla, og vil bruke den lange erfaringa frå kulturlivet i den nye jobben.
– Ein må vere litt framoverlent i denne jobben og skape entusiasme rundt prosjekta. Ein må vere edrueleg, men samstundes må det svirre litt. Eg har mange planer for tida framover, men det er enno litt tidleg å fortelje om alt.