Kvinne i 60-åra til sjukehus etter trafikkulykke på E134
Ei kvinne vart frakta til sjukehuset med uvisst skadeomfang etter ei trafikkulykke på E134 like ved Plassane i Åmot sundag.
Brannvesenet i Vinje melde på Twitter at dei rykka ut til ei trafikkulykke sør for Åmot.
Politiet i Sør-Aust melder at det var snakk om ei utforkøyring, og ein person var involvert. Ulykka skjedde i nærleiken av Plassane i Vinje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Føraren, ei kvinne i 60-åra, blei frakta til sjukehuset i ambulanse med uvisst skadeomfang.