Kvifor teier me i hel overgrep mot barn?
Fordi me ikkje veit nok om det, meiner Janne Flittig Jacobsen. Ho held foredrag om kva seksuelle overgrep er, omfanget av det, og ikkje minst kva konsekvensar det har.
«Mann (23) er i Vest-Telemark tingrett dømt til 90 dagar i fengsel for seksuell omgang med mindreårig. Han må òg betale offeret 20.000 i erstatning».
«Hytteeigar i Kragerø fekk pruta bota for å ha hogd ned ei furu på naboeigedomen ned til 250.000 kroner».
Artikkelen held fram under annonsen.
Sitata er autentiske avistekstar, som skildrar realiteten i rettssystemet. Seksuelle overgriparar som forgrip seg på mindreårige risikerer svært lite kvar gong dei øydelegg liva til barn og unge.
Straffene er svært låge, og dessutan er risikoen for å få ein dom ekstremt liten. 5 av 100 blir tiltalt, 1 av 100 blir dømt, seier Janne Flittig Jacobsen.
Førre veke var ho i Vinje og heldt eit ope møte om temaet seksuelle overgrep. Dei frammøtte, stort sett barnehage- og skuletilsette, var tydeleg rysta og svært tankefulle etter det tri timar lange foredraget. For Janne veit kva ho snakkar om.
Blei ikkje trudd
Bestefar til Janne tilsto overgrep mot ho og systera. Då hadde han halde på gjennom høvesvis 13 og 11 år, fortel Janne. Det gjorde at han fekk ein dom på to månader betinga fengsel. Han fekk sleppe ut til open soning fordi han blei deprimert i fengselet.
Då han kom heim blei han tatt i mot med opne armar av mange i bygda, som åtvara borna sine mot å leike med Janne og systera. Dei to laug nemleg så mykje. Då Janne såg kor godt bestefaren blei motteken i bygda, skjønte ho at livet hennar kom til å bli vanskeleg.
Jannes historie er ikkje unik. Det skal mykje til om eit barn skal bli trudd. Endå meir skal til for at barnet skal seie noko om overgrepa. Ofte må dei leve med truslar frå overgriparen om at han, eller ho, skal drepe mor om barnet seier noko.
Eg trudde mor og far visste om kva bestefar gjorde. Eg trudde eg fortalte far det då eg sa til han at eg og bestefar hadde ein løyndom. Far svara at det var jo kjempekoseleg for meg og bestefar. Då trudde eg at eg hadde sagt sanninga, og at far syntest det var heilt greitt og koseleg for meg og bestefar. Men far skjønte sjølvsagt ikkje at det var det eg meinte. Korleis skulle han det?
Snakk om det!
Flittig Jakobsen klandrar ikkje foreldra sine for at dei ikkje oppdaga kva som skjedde. Det var ikkje mogleg for dei å fatte mistanke om noko. Ho seier at ho var eit heilt normalt barn og ekstremt pliktoppfyllande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg skulle berre ynskje folk ikkje var så redde for å snakke om temaet seksuelle overgrep. Dersom det blir snakka om så både barn og vaksne høyrer det, blir terskelen for overgriparane høgare. Når barn veit kva det er og at det ikkje er greitt, er det ein mykje større risiko å ta for overgriparen. Om nokon rundt meg hadde snakka om overgrep i nære relasjonar, ville ikkje bestefar gjort det. Det er ikkje noko eg trur, det er noko eg veit. Han hadde aldri tort om temaet hadde vore oppe i familien, seier Janne.
Difor oppmodar ho foreldre til å snakke om overgrep, slik at barna veit kva det er.
Ikkje avfei det som «vaksenting», og ikkje slå av tven og sei «huff, så ekkelt og fælt» når det kjem eit innslag om det. Då tenker det overgrepsutsette barnet «eg er ekkel», og terskelen for å fortelje nokon om det blir endå høgare.
Etterlyser innsats
For å hindre seksuelle overgrep må ein arbeide førebyggjande. Flittig Jacobsen meiner ein har ein svært lang veg å gå i dette arbeidet. Helse- og omsorgsdepartementet har gjeve ut ein rettleiar om seksuelle overgrep mot barn.
Men kvifor er det så få som veit om han? Veit ein kva som kjenneteiknar seksuelle overgrep og kva ein skal sjå etter, er det mykje lettare å både oppdage og førebyggje, seier Flittig Jacobsen.
Då ho bestemte seg for å jobbe med temaet seksuelle overgrep for å førebyggje at det skjer, fann ho ut at ho trong ei utdanning å slå i bordet med. Difor starta ho på høgskulen i Telemark for å utdanne seg til spesialpedagog. Etter kvart fann ho ut at ein av dei tilsette ved skulen, som mellom anna jobba med konsekvensar av omsorgssvikt, var dømt for å overgrep mot sitt eige barnebarn gjennom fire år. For dette blei han dømt til 60 dagars fengsel på vilkår og ei bot på ti tusen kroner.
Korleis skal ein då klare å førebyggje, når overgriparane finst over alt, og ikkje blir avsette frå slike jobbar «fordi dei har sona straffa si», spør Flittig Jakobsen, som ikkje fekk gehør for oppdaginga si då ho tok det opp med dekan ved skulen.
Læraren beheldt jobben sin.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er spesielt at politikarar som er sikta for trygdesvindel blir hengt ut med bilde og namn på framsida av avisene, medan seksuelle overgriparar som har øydelagt livet til offeret og familien blir anonymisert og beskytta. Kva er det som rettferdiggjer slikt, held ho fram.
Skremmande tal
I fylgje departementet har mellom 10 og 20 prosent av den kvinnelege befolkninga og mellom 5 og 10 av den mannlege vore utsette for seksuelle overgrep før fylte 18 år. Ut frå tala i denne rapporten kan ein rekne med at minst 16.000 av dei om lag 167.000 innbyggjarane i Telemark har vore utsette for overgrep.
Senteret for seksuelle overgrep i Telemark reknar at 24 prosent av jentene under 18 år har opplevd overgrep av ein eller annan karakter, og at talet for gutane er noko lågare.
Ei norsk undersøking frå 1986 slår fast at 20 prosent av barna var utsette for overgrep frå foreldre, omsorgspersonar eller slektningar. 45 prosent var utsette for overgrep frå «andre kjente personar», som ein nabo eller ven av familien.
Nytt spesialteam
Politiet i Telemark opprettar no eit spesialteam for familievald og overgrepssaker. Teamet skal stå for behandlinga av alle slike saker i fylket.
Dette teamet blir oppretta fordi politiet ynskjer å arbeide kunnskapsbasert med overgrepssaker og vald i nære relasjonar. Me vil auke kvaliteten på arbeidet som blir gjort i etterforskinga av slike saker ved å samordne arbeidet med dei i ei eining. Teamet vil bestå av etterforskarar, juristar, folk med dommaravhørskompetanse og ein familievaldskoordinator, seier visepolitimeister Rita Kilvær.
Kva med førebyggjande arbeid?
Me har alt ein familievaldskoordinator som òg jobbar med seksuelle overgrepssaker. Denne koordinatoren jobbar òg førebyggjande gjennom utstrekt samarbeid med skular, barnehagar og barnevern. Dette samarbeidet gjeng både på avdekking av overgrepssaker, men òg det å få ut informasjon og halde kunnskapen om slike overgrep varm hos dei som arbeider med barn, fortel Kilvær.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette synest eg er underleg. Det høyrest ut som politiet jobbar breitt og mykje men kvar er dette i det offentlege rom? Kor mange kjenner eigentleg til dette arbeidet, kommenterer Janne Flittig Jakobsen.