– A4-livet passar ikkje meg
Den unge fyresdølen Elisabeth Spockeli overtek no bensinstasjonen i Valle i Setesdal.
Ho kjem frå Fjellgardane i Fyresdal, fylte nettopp 25 år, og er i full gang med å pusse opp Esso-stasjonen i Valle sentrum. Der er også sportsforretninga hennar komen på plass, som ho starta i desember for snart to år sidan.
– Det blir ei bratt læringskurve, men eg ser fram til å få oppussinga overstått og komme i gang med drifta, seier Spockeli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var Esso sentralt som tok kontakt då dei var på utkikk etter nye drivarar etter at dei førre hadde gitt seg.
– Eg tenkte det var ei grei tilleggsnæring å kombinere med sportsbutikken, slik at eg hadde fleire bein å stå på, seier ho.
Sportsbutikken har jamvel gått bra, og sjølv om ho er frittståande og ikkje ligg under noko kjede har det vore overraskande lett å få tak i ulike sportsmerke.
– Eg kjende ein av seljarane i Bergans og han baud meg å føre deira merke, og sidan eg held til i eit område som ligg litt for seg sjølv, har det berre vore positive tilbakemeldingar frå dei merka eg vil selje, seier Spockeli.
Flinke lokale
Butikken ligg sentralt plassert mellom ulike hytteog fritidsområde som til dømes Hovden, Hallbjønnsekken og Brokke.
– Turistane er ei viktig inntektskjelde for butikken, men det hadde ikkje gått utan dei lokale innbyggjarane, seier ho.
– Eg hadde ikkje greidd meg utan alle dei lokale kundane. Dei er flinke til å bruke meg, og dei er oppteken av å få tak i det dei kan av varer og utsyr hos meg framfor å køyre til Kristiansand, held ho fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil ikkje sitje på kontor
Den utflytta fyresdølen har ein bachelorgrad i marknadsføringsleiing frå BI i Kristiansand. Rett frå skulebenken bar det ti Hovden for å arbeide med reiseliv, men Spockeli fann fort ut at ho ikkje orka å sitje på eit kontor. Dette kombinert med at ho fann seg ein fyr frå dalen førte til at det vart butikkdrift i Valle.
– Dei som kjenner meg veit at eg ikkje kan sitja i ro, så å starte for meg sjølv og drive både med sportsutstyr og bensinstasjon høver meg godt.
Vil yte sørvis
Eg ser også fram til å tilsetje folk i stillingar. Eg har fram til no drive åleine, og gler meg til å dele arbeidskvardagen med nokon, seier Spockeli.
Opningstidene på sportsbutikken og bensinstasjonen vert naturleg nok forskjellege.
– Om eg er på stasjonen, og nokon er i beit for nokre støvlar eller anna etter stengetid, skal ikkje eg vere vrang. Ein må yte sørvis når ein bur på landsbygda, seier ho.
Lillebjørn Nilsen sin kjende tekst «Valle Auto og Bensin» frå 1976 kjem også snart opp på veggen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg har planar om å innreie stasjonen med litt gamle LP-plater. Sportbutikken har eg blant anna pynta opp med staur, avsluttar Spockeli.