– Det var ikkje nokon triveleg beskjed å gje dei tilsette på Dalen, men dei skal ha ros for å vere kreative og konstruktive, sa regiondirektør Per Are Hellebust i Statkraft region Sør-Noreg då han tysdag føremiddag kom med meldinga om at Sauda overtek nattkøyringa av driftssentralen i den nye regionen.

Statkraft flyttar oppgåver frå Dalen

Dei tilsette ved Statkraft på Dalen fekk i føremiddag beskjed av regiondirektør Per Are Hellebust om at Sauda overtek nattstyringa av driftssentralen.

Omorganiseringsprosessen ved Statkraft region Sør-Noreg har vore i gang sidan i fjor haust. I dag fekk dei tilsette på Dalen og i Sauda beskjed om at det framleis blir to driftssentralar, men at Sauda blir operativ heile døgnet. Det betyr at drifsstentralen på Dalen berre blir bemanna på dagtid både i vekene og i helgene. I tillegg har produksjonsansvarleg ved Statkraft Sauda også fått ansvaret for Dalen.

– Kva betyr dette med tanke på bemanninga på Dalen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det betyr at det blir tre overflødige årsverk ved driftssentralen på Dalen i og med at nattskifta blir borte. Dei vil framleis ha oppmøte på Dalen, men vil mest truleg bli flytta over til teknisk avdeling eller prosjektavdelinga, svarar Hellebust.

– Kva med produksjonssjefen på Dalen?

– Vedkomande vil inntil vidare vere ein del av produksjonsavdelinga, men me skal i samtalar med vedkomande for å finne ei løysing på sikt, seier Hellebust.

Felles produksjonssjef blir Tore Småmo. Han tek til 1. februar og held altså til i Sauda. Omorganiseringa elles er planlagt effektuert i løpet av oktober.