Skyttarlagsleiar John Kjell Lien (t.h.) og kasserar Thor Inge Levang vil stå på for at det kjem ein skytehall inntil dette bygget ved «Hagedalshavet skjotebane». Karane har venta lenge nok på ein ny hall.
Skyttarlagsleiar John Kjell Lien (t.h.) og kasserar Thor Inge Levang vil stå på for at det kjem ein skytehall inntil dette bygget ved «Hagedalshavet skjotebane». Karane har venta lenge nok på ein ny hall.

Siktar seg inn mot skytehall

Då fleirbrukshallplanen i Fyresdal blei lagt på is, rauk også skytehallen som var tenkt i bygget. No vil ivrige dugnadskrefter og skyttarar har hall ved skytebanen.

Som kjent vraka kommunestyret i Fyresdal for litt sidan planen om å byggje fleirbrukshall. Årsakene er vanskeleg kommuneøkonomi og tap av mange arbeidsplassar i bygda.

I fleirbrukshallen var det mellom anna tenkt ein skytebane, og teikninga for dette prosjektet var alt godkjent av politiet og Kulturdepartementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Thor Inge Levang og John Kjell Lien er høvesvis kasserar og leiar i Fyresdal skyttarlag. Dei har over tid sett moglegheiter for ein skytehall når det har vore på gang offentleg bygging i kommunen, men ynsket blei aldri ein realitet. Så kom planen om fleirbrukshall der det også var teikna inn skytebane.

Ikkje tid til å vente lenger

– Då byrja me å bli optimistiske. Men så blir det likevel ikkje bygging av fleirbrukshall, og då byrjar det å bli stusseleg, seier Levang.

– Me har vore lojale og venter at fleirbrukshallen skal kome, men nå ser det mørkt ut. Nå har me ikkje tid til å vente lenger, seier Lien.

Dei to fortel at i 50 år har opptil 20 skyttarar éin gong i veka nytta bomberomet, eit kjellarlokale på Gimle skule, for å trene.

– Bomberomet tilfredsstiller ikkje dagens krav til klima og ventilasjon, og er for stutt til å ha større skytekonkurransar, seier dei to karane.

Båe meiner løysinga nå er å byggje skytehall ved «Hagedalshavet skjotebane». Anlegget like ved Hegglandsgrend blei bygd i 1989. Skytebanen blei bygd på dugnad, og i tillegg blei det bruka 100 000 kroner på å leige hjelp. Totalkostnaden kom på 1,5 millionar kroner pluss like mykje i verdi for dugnadinnsatsen.

– Anlegget er framleis veldig fint, og har også det ein treng av sosiale rom og toalett, seier Levang.

I tillegg til elektroniske skiver både på 100- og 200-metersbanen er det løpande elgbane i anlegget. Like ved har den lokale jeger- og fiskarforeininga ein leirduebane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange kan nytte hallen

Levang og Lien trur ein kan få opp skytehall for rundt tre millionar kroner. Dei håper på éin million kroner i tippemidlar, 1,5 millionar frå kommunen og resten er tenkt som eigeninnsats. Hallen vil bli på om lag 250 kvadratmeter, ha ti skiver og 15 meter i skyteavstand.

– Er det nokon som kan få dette til er det skyttarlaget og skiskyttarlaget, seier Levang om å byggje skytehallen.

– Me er innstilte på å gjere det me kan for å få til ein skytehall, og kommunen er nøydd å bli med på eit eller anna vis, seier Levang og Lien.

Ein skytehall vil kunne bli nytta av rundt ein tredel av innbyggjarane i Fyresdal. Det er 312 medlemer i skyttarlaget, 40–50 medlemer i skiskyttarlaget og like mange i jeger- og fiskarforeininga. Alle tre laga ynsker hallen velkomen.

– Skytehallen vil bli eit veldig godt anlegg for skiskyttarane, dette er høgaktuelt for dei å bruke til sommartrening, seier Levang og Lien.

Ikkje langt unna er det fin asfaltert veg opp til Åslandsgrend der skiskyttarane kan trene. Tanken er at ein asfalterer dei om lag tre hundre metrane frå skytebanen til dekkelagte Kleivgrendvegen. Medan ei gruppe er ute på rulleski, kan ei anna gruppe på same tid nytte skytehallen.

Søkje neste år

Om det kjem skytehall der ynsket er nå, får ein samla alt av skyteaktivitetar ved dagens anlegg. Ein annan fordel Levang og Lien ser ved ny hall er at ein kan arrangerer større stemne som landsdelsmeisterskap.

Levang og Lien seier målet er å søkje om tippemidlar til skytehall neste år, og avsluttar med desse orda:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har venta i så mange år …

Ordføraren likar hallplanen

Fyresdalordførar Erik Skjervagen (Ap) seier dette om 1,5 kommunale kroner til ny skytehall ved «Hagedalshavet skjotebane»:

– Eg er kjempepositiv til ideen om ein skytehall, dette kan bli ei bra sak for mange ting. Eg er også positiv til at kommunen bidreg med pengar til hallen, men vil kome tilbake til summen seinare sidan eg ikkje har diskutert saka med dei andre politikarane ennå.

Sjølv om kommunen har det tøft økonomisk, meiner ordføraren ein må kunne gå inn med tilskot i til dømes ei sak som skytehallen, eit prosjekt der det også er tenkt mykje frivillig innsats.

– Me kan ikkje grave oss heilt ned i depresjonar. Det er flott med dugnadsviljen og pågangsmotet – det treng me og må stimulere, seier Skjervagen om skytehallplanen.

Privatpersonar kausjonerte

At Thor Inge Levang og John Kjell Lien verkeleg brenn for skytebaneanlegget i bygda er det nok ingen tvil om. For to år sidan blei skivene på 200-metersbanen bytt ut, ei satsing rekna til 450 000 kroner. Levang og Lien var ikkje seine med å kausjonere for eit lån på 250 000 kroner til fornyinga. I dag er kausjonssummen nede i 70 000 kroner.

Vidare gav Levang, gjennom firmaet sitt, 25 000 kroner som dekte éi av dei ti elektroniske skivene som kom på plass på 200-metersbanen to år tilbake.

 

Artikkelen held fram under annonsen.