Prest Per Sørensen og konfirmantane Øivind Johannesen, Svein Tarjei Larsen Seltveit, Stian Skinnarland, Kristianne Gardsteig og Ingebjørg Killingtveit stilte sjølvsagt opp til fotografering etter seremonien. Her er det kyrkjetenar Hilde Hovden som tek bilde.

«Det blir nok lenge til det er så mange konfirmantar på Møsstrond att …»

På kyrkjebakken gjekk praten: Var det nokon som kunne hugse at det hadde vore så mange som fem konfirmantar i kyrkja på Hovden før?

Helg

«Hei! Bare eit hint: Heile fem konfirmantar i Møsstrond kyrkje i morgon. Det æ faktisk ganske spesielt, ingen som kjem i hug at det nokon gong har vore så mange. Knallvêr og båtskyss frå Varland for alle som skal til kyrkje. Hadde vore fin reportasje i VTB, det!»

Det skreiv konfirmantmamma Gunn Berit Åkre til lokalavisa førre laurdag – og sjølvsagt let ein seg lokke av slikt. Sundag stod båtskyssen klar som lova. Finvêret var også på plass – som lova.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møsstrond kyrkje ligg på øya Hovden i Møsvatn. Sundag føremiddag møtte bunadskledde konfirmasjonsgjester opp på Varland for å bli skyssa over i tur og orden av båtane som gjekk i skytteltrafikk. Det eine konfirmasjonsfylgjet hadde jamvel chartra rutebåten Fjellvåken for å bli frakta til og frå kyrkje.

«Det blir spennande, dette. Det er moro at me er så mange.»

Stian Skinnarland

Prest Per Sørensen legg handa si på hovudet til konfirmantane Stian Skinnarland (t.h.), Øivind Johannessen, Svein Tarjei Larsen Seltveit, Ingebjørg Killingtveit og Kristianne Gardsteig.
Prest Per Sørensen legg handa si på hovudet til konfirmantane Stian Skinnarland (t.h.), Øivind Johannessen, Svein Tarjei Larsen Seltveit, Ingebjørg Killingtveit og Kristianne Gardsteig.
Stian Skinnarland får hjelp av bestemor til å rette på skjortekragen før den høgtidelege seremonien tek til. Det synest Svein Tarjei Larsen Seltveit er artig.
Stian Skinnarland får hjelp av bestemor til å rette på skjortekragen før den høgtidelege seremonien tek til. Det synest Svein Tarjei Larsen Seltveit er artig.
Sveinung Skinnarland trur 1952 var siste gongen det var fem konfirmantar på Møsstrond – men både han og VTB vil gjerne få beskjed dersom nokon har andre opplysingar.
Sveinung Skinnarland trur 1952 var siste gongen det var fem konfirmantar på Møsstrond – men både han og VTB vil gjerne få beskjed dersom nokon har andre opplysingar.
PrestPer Sørensen, Øistein Johannessen, Svein Tarjei Larsen Seltveit, Stian Skinnarland, Kristianne Gardsteig og Ingebjørg Killingtveit.
PrestPer Sørensen, Øistein Johannessen, Svein Tarjei Larsen Seltveit, Stian Skinnarland, Kristianne Gardsteig og Ingebjørg Killingtveit.
Knut Hauge, Halvor Edland, Silje Tverrås, Bjørn Nordgarden, Tor-Eivind Erikstein (prest), Martha Sofie Galteland Botn, Alexander Skavlid, Vegard Aamyri Kvålen.
Knut Hauge, Halvor Edland, Silje Tverrås, Bjørn Nordgarden, Tor-Eivind Erikstein (prest), Martha Sofie Galteland Botn, Alexander Skavlid, Vegard Aamyri Kvålen.
Andreas Hagen, Aslak Midtbøen, Vidar Tollefsen, Tor Eivind Erikstein (prest), Ånond Ringhus Hovden, John Paul Velasquez Legaspi, Anne-Lise Dalen Bråstøyl, Eirin Mandt Gardsteig.
Andreas Hagen, Aslak Midtbøen, Vidar Tollefsen, Tor Eivind Erikstein (prest), Ånond Ringhus Hovden, John Paul Velasquez Legaspi, Anne-Lise Dalen Bråstøyl, Eirin Mandt Gardsteig.
Johanna Eidissen, Kristensen Moy, Renathe Moen Venheim, Halvor Slåtta, Olav Nykos Midtun, Åsulv Vaa.
Johanna Eidissen, Kristensen Moy, Renathe Moen Venheim, Halvor Slåtta, Olav Nykos Midtun, Åsulv Vaa.
Konfirmantener Neri Rorge Tjønn. Prest Per Sørensen.
Konfirmantener Neri Rorge Tjønn. Prest Per Sørensen.

– Mykje jobb å kle seg

Dei fem konfirmantane Stian Skinnarland, Kristianne Gardsteig, Øistein Johannessen, Ingebjørg Killingtveit og Svein Tarjei Larsen Seltveit er festpynta og klare for siste etappe etter eitt år med konfirmasjonsførebuingar. For prest Per Sørensen er det ei litt vemodig stund, då dette er siste kull med Møsstrond-konfirmantar han har før han pensjonerer seg til hausten.

Konfirmant Stian Skinnarland gler seg til konfirmasjonsdagen.

– Det blir spennande, dette. Det er moro at me er så mange. Men det er mykje jobb å kle seg, smiler ungguten der han står i bunadsskjorte og kufte.

– Har du festantrekk for resten av livet no, kanskje?

– Tja. Det kan vel hende den må utvidast litt etter kvart, svarar Stian.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når skjedde det sist?

Mange av gjestene er ute i god tid. Det er greitt å ha litt å gå på når ein er avhengig av båtskyss. Ute på kyrkjebakken går praten. Kor lenge er det sidan sist det var fem konfirmantar her, tru?

Me får hjelp av Gunn Berit Åkre til å finne ein kar som kanskje kan svare. Ho hentar Sveinung Skinnarland, som voks opp på Brattås og stod til konfirmasjon i Møsstrond kyrkje 1953. Då var dei fire.

– Men då syster mi Margit blei konfirmert i 52 – då var dei fem. Dei andre var Arnfinn Torvetjønn, Gjertrud Mikkelsen, Herman Lien og Jon Hovden. Eg trur ikkje det har vore fem konfirmantar sidan då, seier Skinnarland.

Han og syskena gjekk på skulen på Møsstrond og budde på internatet der ein månad om gongen.

– Det var greitt, det. Men det var langt på ski for ein fyrsteklassing. Men det var berre slik. Det blei litt kjedeleg i lengda. Me var ute på ski og aka om vinteren, men ein kunne ikkje ha ballspel her, veit du, seier han medan han peikar på dei bratte bakkane mellom internatbygget og vatnet. I 2002 blei elevane ved skulen på Hovden flytta til Rauland skule. I 2006 blei skulen og internatet formelt lagt ned.

Ved altaret:Prest Per Sørensen legg handa si på hovudet til konfirmantane Stian Skinnarland (t.h.), Øivind Johannessen, Svein Tarjei Larsen Seltveit, Ingebjørg Killingtveit og Kristianne Gardsteig.I finstasen:Stian Skinnarland får hjelp av bestemor til å rette på skjortekragen før den høgtidelege seremonien tek til. Det synest Svein Tarjei Larsen Seltveit er artig.Hugsar godt:Sveinung Skinnarland trur 1952 var siste gongen det var fem konfirmantar på Møsstrond – men både han og VTB vil gjerne få beskjed dersom nokon har andre opplysingar.

Etter at konfirmasjonsgudstenesta er over kjem Sveinung bortom att:

– Eg er usikker på om dei kan ha vore fem også det året bror min Bjørn blei konfirmert. Du får kanskje høyre med han, oppmodar den mangeårige drivaren av Esso i Rauland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kunne vore fem …

Så me ringer Bjørn Skinnarland dagen etter. På grunn av ei vond hofte kom han seg ikkje til kyrkje for å sjå barnebarnet Stian bli konfirmert, men fortel om ei svært triveleg familiefeiring etterpå. Når det gjeld hans eigen konfirmasjon i 1960, har møsstrendingen fylgjande å fortelje:

– Eg konfirmerte meg i Rauland kyrkje, eg. Elles kunne det vore fem konfirmantar på Hovden det året, for eg hadde fire jamaldringar som konfirmerte seg der. Det er lenge sidan, så eg hugsar ikkje heilt kvifor det blei slik, seier Bjørn, medan han tenkjer seg om.

– Men dette var fyrste året at vegen over her var vinteropen, og eg kunne bu heime på Brattås og ta skulebilen til framhaldsskulen i Rauland. Det er mogleg eg valde Rauland på grunn av det – men eg veit altså ikkje, forklarar han.

Uansett: Sundagens fem konfirmantar i kyrkja på Møsstrond var sjeldan kost. Og etter kvart som folketalet søkk og snittalderen aukar i bygdesamfunnet, kan det bli lenge til neste gong det er fem konfirmantar med lokal tilknyting i den vesle, flotte kyrkja der ute på øya. Men ein skal neimen aldri vera for sikker.

Kyrkja

- Om Møsstrond kyrkje på nettsidene til Vinje kyrkjelege fellesråd:

- «Møsstrond kyrkje ligg på øya Hovden og blei bygd i 1923 av Olav Bitustøyl etter at den gamle kyrkja brann ned i eit torevêr jonsokdagen i 1919. Med dekorering av Sveinung Svalastoga har den nye kyrkja til møsstrendingane blitt eit særmerkt gudshus. På Møsstrond lever framleis ein gamal gravferdsskikk som truleg går attende til katolsk tid.»

www.vinje.kyrkja.no