Vikingane frå Telemark la til kai på Dalen.
Vikingane frå Telemark la til kai på Dalen.

Vikingane kom

I helga var filmselskapet Loop på Dalen og filma for oppdragsgjevaren hotellkjeda Marriott. Storslegne vikingscener blei filma mellom Bandaks høge fjell.

– Det var fantastisk å få dette prosjektet som vårt fyrste oppdrag, seier Anders Kvåle Rue, flatdøl, viking og medlem av vikinglaget Olavs menn.

Kombinasjonen av dei majestetiske fjella rundt Bandak, vikingane og ikkje minst Osebergskipet Åsa var avgjerande for at Telemark blei valt til innspelinga av vikingscenene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Olavs menn har i tre år, på idealistisk grunnlag, drive verksemda rundt vikingskipet som til vanleg ligg ved Akkerhaugen. For å sikre skipets framtid i fylket er no selskapet Telemark Viking Team oppretta. For oss er dette ein pangstart, fortel Rue.

Telemarksvikingar

Han fortel at dei måtte mobilisere mannskap og vener frå heile fylket for å få nok vikingar til innspelinga.

– Deltakarar frå Seljord, Hjartdal, Notodden og Sauherad var med, og tinndølene tok til og med pause frå reinsjakta, smiler Rue.

Halvor Kvåle Rue og mannskapet på Åsa, ein kopi av Osebergskipet.
Halvor Kvåle Rue og mannskapet på Åsa, ein kopi av Osebergskipet.
På vikingtokt mellom Bandaks høge fjell.
På vikingtokt mellom Bandaks høge fjell.

Ifylgje Anders Kvåle Rue var det mange faktorar som gjorde filminnspelinga svært vellykka.

– Særleg viktig var representanten frå Tokke kommune, som fekk prosjektet i fanget få dagar før start, svært hjelpsam og kreativ, seier han.

– At Hollywood har fått opp augo for det fantastiske landskapet rundt Bandak er interessant. Nærleiken til filmmiljøet i Oslo betyr mykje, og overnattingstilboda på Dalen og i Morgedal viktige faktorar. Me fekk og kanalbåten «Telemarken» med som fylgjebåt, forklarer Rue.

Hår og skjegg gav latter

Ungdomshuset Elvarheim på Dalen blei brukt som sovesal, kjøkken og kostymeog sminkeatelier i helga.

– Latteren sat laust blant Telemarksvikingane då kollegaene blei utstyrt med hår og skjegg etter alle kunstens reglar. Klokka fire om laurdagsmorgon var alle på beina og i full gang, seier Rue.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blei mykje roing for vikingane på laurdag. Men dei rodde det heile i land til slutt.

– Opptak etter opptak blei gjort med to profesjonelle skodespelarar midt blant Telemarks søner. Alt i alt var filminga likevel effektiv, og me avrunda det heile tre timar før skjema etter ein arbeidsdag som varte i femten timar, avsluttar Ander Kvåle Rue.