Elleve tre med ljos skal sette Treungen sentrum i jolestemning
Nissedal formannskap har løyvd 20 000 kroner frå næringsfondet til innkjøp av ljoslenker i Treungen.
Det var Nissedal næringslag som søkte kommunen om 20 000 kroner til ljoslenker for å ljossette elleve tre langs Rv41 i Treungen sentrum i samband med jolegata og andre høve.
Når nå næringslaget gjer meir ut av jolegata i sentrum, er det også meininga at lenkene skal henge fast på trea året rundt, og kan med dette brukast også i andre høve
Artikkelen held fram under annonsen.
Ljoslenkene og anna utstyr er rekna til å koste 40 000 kroner. Halve summen ordnar næringslaget gjennom eigenkapital og tilskot frå næringslivet.
Næringslaget ser på tiltaket som eingongsinvestering, då det er rekna med at ljoslenkene har lang levetid.