Dagleg leiar Lars Bunæs (t.v.) i Telemark Kildevann og Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland smiler breitt der dei står i nybygde lokale.
Dagleg leiar Lars Bunæs (t.v.) i Telemark Kildevann og Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland smiler breitt der dei står i nybygde lokale.

Kan produsere 57 millionar flasker

Nye investeringar ved Telemark Kildevann gjer at Fyresdal-verksemda tilset fleire folk og doblar produksjonen.

På ny er det ei brusande utvikling ved Telemark Kildevann. Verksemda investerer 45 millionar kroner i ny produksjonslinje og stor tappe- og pakkehall. I tillegg har Fyresdal kommune lagt 10 millionar kroner på bordet, slik at fabrikken får eit nytt lagerbygg på 3.600 kvadratmeter.

I dei åra brusfabrikken har halde til i Fyresdal er det totalt investert nær 200 millionar kroner, om ein tek med vassbrønnane og hallane som kommunen har bygd for utleige til den veksande verksemda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med ei ny produksjonslinje kan me doble kapasiteten. Det blir fantastisk og me får ein mykje meir effektiv produksjon, seier dagleg leiar Lars Bunæs ved Telemark Kildevann.

200 millionar i omsetning

I fjor blei det produsert 30 millionar flasker med vatn og brus ved fabrikken. Etter utvidinga kan det årlege talet på flasker kome opp i 57 millionar.

– Me kjem nok over 200 millionar kroner i omsetning i år, og det er bra. Elles vil den nye investeringa trygge arbeidsplassane ytterlegare, det blir fleire av dei og totalt vil det snart vere rundt 40 årsverk her, fortel Bunæs.

Det er viktig for verksemda å vere konkurransedyktig, og då må ein opp i store volum. Ein anna fordel framover er ein lokal ressurs.

– I Fyresdal har me verdas beste vasskjelde, og me er veldig trygge på kvaliteten. Ingen andre enn Telemark Kildevann får vatn frå Telemarkskilden i Fyresdal, smiler Bunæs nøgd.

– Det einaste som gjenstår no er å trylle fram nokre betre vegar, legg han til, og tenkjer på at årleg trillar fleire tusen lastebilar fulle av flasker ut av bygda.

Rosar dei tilsette

Bunæs er oppteken av å presisere at ein ikkje hadde klart den fantastiske utviklinga i verksemda utan dei tilsette.

– Dei står verkeleg på. Elles er alt som skjer i verksemda med på å lage ein morosam arbeidsplass. Her kan det kome meir utvikling framover. Her er det plass og me veit kvar me skal. Me er ikkje redde for å satse i Fyresdal, slår Bunæs fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me jobbar mot eksportmarknaden, og har spennande prosjekt på gang, avsluttar dagleg leiar i denne omgangen.

Får att dei ti millionane

Fyresdalrådmann Ketil O. Kiland rosar kommunestyret som i løpet av kort tid før jol sa ja til å investere ti millionar kommunale kroner i ny lagerhall for Telemark Kildevann.

– Løyvinga syner politisk handlekraft i Fyresdal kommune, seier Kiland.

Kommunen har ei langsiktig avtale med brusfabrikken om utleige av hallen.

– På mange måtar er eg sikker på at me får att dei ti millionane som er bruka på nytt utleigebygg, seier rådmannen.

Han kan slå fast at nykkelbedrifta Telemark Kildevann betyr mykje for bygda.

– Satsinga gjev tilflytting og busetting av familiar. Noko anna som er gledeleg er at mange søkjer på jobbar i Telemark Kildevann, og verksemda har veldig mange flinke arbeidstakarar som har jobba der i årevis, seier Kiland.

Snart kan opptil 90 lastebilar med produkt frå brusfabrikken trille ut av bygda kvar veke. Rådmannen er glad for at Fyresdal no frå neste år ser ut til å få gjennomslag for millionløyvingar for å ruste opp hovudvegen i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trødde til med nye miljøflasker

Måndag og tysdag sykla toppleiinga i Coca-Cola Drikker frå kontorlokala på Lørenskog til Fyresdal for å markere dei nye miljøvenlege flaskene som kjem på marknaden. I sekkane på ryggen til syklistane låg 1.000 små plastglas. Preformane blir blåst opp til full flaskestorleik ved Telemark Kildevann i Fyresdal, før tappinga av mellom anna flaskevatnet Bonaqua skjer.

Noreg er blant dei fyrste landa i verda som tek i bruk ny og meir miljøvennleg emballasje. Den nye planteflaska inneheld 50 prosent resirkulert plast, 15 prosent materiale frå planter og bare 35 prosent ny plast. Flaska er 100 prosent gjenvinnbar.

– Me overnatta på Notodden. Turen til Fyresdal gjekk bra og me var heldige med vêret. Det er mykje bakkar i Telemark, men eg forstår at folk betalar for å vere turistar i dette flotte området, smiler ein av syklistane, Stein Rømmerud, kommunikasjonsdirektør i Coca-Cola Drikker.

Han fortel at no blir all produksjon av Bonaqua, vatn med kullsyre, flytta frå Lørenskog til Telemark Kildevann. Sykkelturen var ei markering av endringa. Framover skal Coca-Cola hente all Bonaqua, både med og utan kullsyre, i Fyresdal. Desse to drikkane har ein marknadsdel på mellom 25 og 35 prosent i Noreg.

– Eg har ikkje så lyst til å gå inn på kor mange liter Bonaqua som blir produsert i år, men me har vekstambisjonar slik at Coca-Cola har fyrsteplassen om nokre år, seier Rømmerud.