Ikkje kvotejakt på gaupe i 2018
Rovviltnemnda i region 2 (Telemark, Aust-Agder, Vestfold og Buskerud) har konkludert med at det ikkje skal opnast for kvotejakt på gaupe i 2018. Det blei bestemt på møte i dag.
Nemnda viser til at gaupebestanden er under det nasjonalt fastsette målet for regionen. Det er i dag påvist 9 familiegrupper av gauper i regionen. Det tilsvarar 53 dyr. Bestandsmålet er 12 familiegrupper. Dei to siste åra er dei fyrste sidan 2004 at talet på gauper er lågare enn bestandsmålet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– For å sikre at bestandsmålet blir nådd før jakt i 2019 finn nemnda ikkje grunnlag for å opne for kvotejakt på gaupe i 2018, melder Fylkesmannen.
I saksutgreiinga kjem det fram at det er registrert ein tydeleg effekt av høgt uttak i regionen over fleire år.
Sekretariatet la fram to alternativ til vedtak:
– Kvote på til saman 6 dyr, der maks 2 ho-gauper eldre enn eitt år.
– Ikkje opne for jakt.
Vedtaket blei gjort med tre mot ei røyst. Avgjerda kan ikkje klagast på.