Kommunevalet 2015 I dag: Seljord
Venstre
1. Margit Elise Karlsen-Rinde (48)
2. Svein Forberg Liane (52)
Artikkelen held fram under annonsen.
3. Stig Høgetveit (47)
4. Geir Anders Jensen (45)
5. Marlie Klusknes Liane (48)
6. Aasmund Rinde (42)
7. Åsmund Høgetveit (75)
8. Borgny Slettemoen Tøfte (80)
2. Svein Forberg Liane (52), Seljord, spesialrådgjevar i Sweco Seljord
Eg blei spurd om å bli med på lista til Venstre og tenkte at det kunne passe nå, slik at dei fekk ei liste. Men eg har ingen store politiske ambisjonar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Om det skal vere ei sak eg er oppteken av må det vere kommunesamanslåing. Det vil jo skje i neste periode. Eg vil generelt vere med og utvikle Seljord vidare på ein god måte. Eg synest politikarane har vore litt passive denne perioden.
6. Aasmund Rinde (42), Flatdal, opphavleg sivilingeniør i IKT, men har den siste tida bare jobba med utvikling av Fjellbryggeriet saman med kona.
Eg står på lista til Venstre fordi eg trur på Venstres ideologi og spesielt når det gjeld: fridom med ansvar, barn og ungdom sin oppvekst, og næringsutvikling.
Næringsutvikling er noko me har mykje erfaring med. Seljord kommune er flinke på dette, og dei er gode til å leggje til rette, men det er framleis mogleg å bli betre og forenkle prosessane i samband med etablering av bedrifter og den daglege drifta (kommunalt og nasjonalt).
Senterpartiet
1. Henry Mæland (64)
2. Liv Grethe Ekre (55)
3. Lars Bjaadal (72)
4. Marianne Vadder (36)
Artikkelen held fram under annonsen.
5. Jarle Groven Kittelsaa (39)
6. Beate Marie Dahl Eide (34)
7. John Olav Haugetuft (49)
8. Hanne Årlid (29)
9. Eivind Bøhn Birkrem (26)
10. Marita B. Dyrland (37)
11. Johannes Rindal (31)
12. Anne-Kari Nyhus (30)
Artikkelen held fram under annonsen.
13. Geir Arne Lie (44)
14. Johan Angre (55)
15. Pål Høydal (43)
16. Håkon Høgetveit (18)
17. Håvard Jønnardalen (56)
18. Vidar Olav Sudgarden (38)
19. Kristoffer Hoff (72)
20. Sigrun Dyrland Eidal (60)
Artikkelen held fram under annonsen.
21. Tore Kasland (37)
22. Irene Wik Aarbakk (47)
23. Tor Erik Sivertsen (31)
24. Tore Jakob Hegni (41)
25. Malin Aarhus Olsen (19)
26. Haldis Lien Hølland (59)
27. Eilev Eiesland Bjørge (37)
5. Jarle Groven Kittelsaa (39), Svartdal, gift med ei odelsjente og køyrer drosje
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er landbrukspolitikken eg brenn for. Aktive bygder. Å ta i bruk heile kommunen. Det er veldig mykje ressursar rundt omkring som ikkje blir utnytta. Gamle familiegardar som barn og barnebarn sit på, utan at dei blir bruka. Det er ei utfordring å få til lønsam drift, så slike plassar treng dei rette personane. Det kunne blitt arbeidsplassar. Og det treng me i Vest-Telemark.
2. Liv Grethe Ekre (55), Seljord, studierektor Vest-Telemark vidaregåande skule avdeling Seljord
Det er fyrste gong eg er politisk engasjert, men me bur i eit demokratisk land der alle bør engasjere seg. Bygde-Noreg bør styrkast, det bør vere ljos i alle glas og skuleplassar til alle i nærområdet. Ungane bør ha kortare dagar enn det arbeidsmiljølova seier, og sysken bør få gå i same barnehage.
Eg er for eit grønt og levande bygde-Noreg som ein må dyrke, og ikkje la gro til. Eg er svært interessert i lokalprodusert mat – bonden bør styrkast.
Kristeleg Folkeparti
1. Kristian Espeland (59)
2. Kjellaug W. Abrahamsen (49)
3. Janna Nordgaard (36)
4. Nicolas M. Almario (25)
5. Tor Bjørn Nordgaard (35)
6. Ingebjørg Valhovd (76)
7. Otto Mæland (66)
8. Margot Synnøve Valhovd (72)
9. Bjørn E. Nordgarden (35)
10. Elisabeth Nordgarden (35)
11. Gunvor Vefall (51)
12. Åsbjørg Moland (60)
2. Kjellaug Westbye Abrahamsen (49), Flatdal, sjølvstendig næringsdrivande
Eg melde meg inn i partiet i 2011, og er ferdig med min fyrste periode i lokalpolitikken. Det har vore svært interessant og lærerikt.
Eg er opptatt av menneske, rettferd og å gjere ein forskjell. Å engasjere seg politisk gjev ein moglegheit til å arbeide for nettopp dette. Det er viktig at dei unge i kommunen har eit godt og stabilt tilbod rundt skule og fritid, og at dei eldre kan kjenne seg trygge og ivaretatt. Det er viktig at alle kommunens innbyggjarar kjenner seg sett og høyrd.
5. Tor-Bjørn Nordgaard (35), Seljord, journalist
Eg står på KrF si liste fordi dei trong folk, og eg meiner det er viktig at KrF er representert i kommunestyret. Kona mi er lokallagsleiar. Generelt er KrF som sentrumsparti med vekt på klassiske kristne verdiar med på å skape ein god balanse i politikken. Eg er spesielt oppteken av familiepolitikk og vilkåra for småbarnsfamiliar.
Miljøpartiet Dei Grøne
1. Peter Fjågesund (56)
2. Tone Kari Reiten (69)
3. Ingunn Furuvald (39)
4. Kjell Hartberg (64)
5. Oddbjørn Aase (51)
6. Ole Petter Østevik (56)
7. Bjørn Stefan Tordsson (62)
9. Ole Petter Lindvik (32)
3. Ingunn Furuvald (39), Flatdal, lærar ved Bø vidaregåande skule
Eg står på lista til Miljøpartiet Dei Grøne fordi eg meiner det er det einaste partiet som tar miljøet på alvor. Ingen andre parti har ein så tydeleg miljøprofil som dei. Eg ynskjer at alle på eit personleg nivå skal kunne ta grøne val, men då må det politisk rettleiing til. Eg ynskjer endring!
Eg ser føre meg at me må ta eit oppgjer med vår måte å konsumere og bruke ressursar på. «Tenk globalt handle lokalt» Det er spørsmål om kva som er viktig i dag, men òg om ti, femti og hundre år. Miljø er den einaste eigentlege viktige politiske saka me har, ikkje berre i Noreg, men i verda.
6. Ole Petter Østevik (56), Flatdal, privatpraktiserande fysioterapeut
Då eg blei kontakta om å stå på lista sa eg ja fordi arbeid for miljøengasjementet og klima er viktig. Det er noko eg har vore oppteken av sidan eg gjekk på vidaregåande.
Det skjer mange gode miljøtiltak, men det skjer meir i Sverige og Tyskland – me bør kome dit i Noreg også.
Lokalt kan ein kanskje arbeide for at verksemder skal ha eit meir bevisst forhold til miljøet og vere bærekraftige i alle ledd. Nokre verksemder i Seljord er det, men me treng at fleire blir det.
Høgre
1. Solveig S. Abrahamsen (52)
2. Jon Svartdal (60)
3. Edvard Mæland (58)
4. Hilde Kraknes Rinde (44)
5. Gunnar Eilefstjønn (65)
6. Pia Camilla Robertsen (37)
7. Roar Slinde (45)
8. Linda Hovden (24)
9. Dag Helge Haslekås (51)
10. Tone Astrid Hjartsjø (46)
11. Arve Husby (57)
12. Asbjørn Storrusten (57)
13. Katrine Volhovd (23)
14. Øyvind Oland (25)
15. Remi Edvin Berg Nerbø (41)
16. Even Aandreas Jansson Nilsen (23)
17. Eyvind Gunleif Oland (61)
18. Morten Olav Dyrud (58)
19. Jan Torbjørn Sollid Tveit (45)
4. Hilde Kraknes Rinde (44), Seljord, sjukepleiar og leiar for teneste for funksjonshemma i kommunen
Høgre har eit godt program, og eg ynskte difor å vere involvert. Dei områda eg er oppteken av er helse og næringsutvikling. Seljord skal vere ein bra plass å bu, og så synest eg kommunesamanslåing er eit spennande tema.
5. Gunnar Eilefstjønn (65), Seljord, pensjonert banksjef
Eg har ikkje vore medlem av noko politisk parti på veldig lenge, men eg er samfunnsinteressert og engasjert. Me går inn i ei spennande tid med endring av kommunestruktur. Saker eg vil vere oppteken av reguleringssaker. Eg meiner det er viktig å regulere for gode næringsareal og leggje til rette for gode sentrale og attraktive bustadtomter og bustadbygging.
Kommunevalet 2015 I dag: Seljord
Framstegspartiet
1. Arvid Martin Vala (62)
2. Mogens H. Iversen (43)
3. Susanne Gundersen (27)
4. Steinar N. Andersen (36)
5. Trine E. Jonassen (24)
6. Tarjei Skræi (50)
7. Arnstein Wolden (53)
8. Bjørn Ole Mysen Aanonsen (51)
9. Tor Øverland (66)
2. Mogens Iversen (43), Seljord, sjef for Aasmundsen bakeri
Eg er med fordi eg engasjerer meg i lokalsamfunnet – eg er veldig interessert i kva som skjer i bygda. Eg er spesielt oppteken av å kjempe mot eigedomsskatten – me skal gjera alt me kan for at det ikkje blir innført slik skatt her. Det er ei usosial avgift som gjer det for dyrt å bu i distrikta. Ungdom og eldre er to grupper eg også er veldig oppteken av. Me vil ikkje ha fleire flyktningar til Seljord.
3. Susanne Gundersen (27), Seljord, dagleg leiar Telemark Motorsport AS
Eg står på lista på grunn av at eg er interessert i politikk og få høve til å ytre mi meining. Ingenting skjer om eg sit heime å tenker på saken.
Dei viktigaste sakane for meg er familiepolitikk, ungdom og snøskuterløyper med friområde.
Arbeidarpartiet
1. Halfdan Haugan (57)
2. Hanne Nordgaard (33)
3. Trond Johnsen (49)
4. Rita Andersen (54)
5. Eivind Skogheim (62)
6. Beate Moen (40)
7. Hallgeir Ofte (34)
8. Hanne Lise Kåsen (43)
9. Sigbjørn Tvitekkja (46)
10. Elisabeth Haugen (50)
11. Arild Johansen (42)
12. Bjørg Nordbø (66)
13. Arve Lia (45)
14. Mona Helen Haugen (43)
15. Kjell Arne Roheim (42)
16. Kristin Tørre Grinaker (48)
17. Odd Vidar Rui (65)
18. Bente Færstaul (42)
19. Geir Arne Tjæreberget (43)
20. Alice Bratås (27)
2. Hanne Nordgaard (33), Seljord, sjukepleiar og assisterande einingsleiar heimetenesta i Kviteseid
Eg står på Seljord Ap si liste fordi eg er glad i Seljord, har stor tru på laget og vår politikk. Me har eit sterkt lag som er oppekne av å lytte til innbyggjarane, og så veit eg at Halfdan blir ein dyktig ordførar.
Eg brenn mest for velferdstenestene våre; barnehage, skule, helse og omsorg. Me i Ap vil jobbe for å vidareutvikle kvaliteten på dei gode tenestene våre, og arbeide for at dei framleis skal vera offentlege. Me vil til dømes styrke det førebyggjande arbeidet innan rus og psykiatri, og arbeide for at alle skal ha ein trygg og god alderdom.
Me vil ikkje leggje ned symjehallen, biblioteket i Flatdal eller avvikle kantina på ungdomsskulen. Me er opptekne av tidleg innsats og oppfylging, og at det skal vera trivsel og mobbefritt i barnehagar og skular. Me ynskjer og å sjå på moglegheita for utvida opningstider i barnehagar og SFO, dersom dette ikkje går ut over kvaliteten.
5. Eivind Skogheim (62), Seljord, ingeniør
Eg har stått på lista til Arbeidarpartiet lenge, ein kan ikkje byte parti i tide og utide. Eg er på lista sidan eg er alminneleg samfunnsengasjert.
Det er mange saker som er viktige, eg kjem ikkje på ei spesiell eg kan trekkje fram. Om ein ser litt breiare enn bare Seljord har debatten om kommunesamanslåing overraska meg. Det er synd at debatten går på lokalisering, og ikkje alle moglegheitene ein eventuell storkommune kunne gje. Kva innhald og fordelar ville ein storkommune gje oss?