Maken til marken

Ein skal mange år tilbake for å finne ein kviteseidmarken som er betre enn årets. Strålande vintersol, passe temperatur, handel og aktivitet prega Kviteseid sentrum.

Profesjonelt steig mannskoret «Ågapet» fram for å halde sin fyrste minikonsert og for å opne nok ein vintermarken i Kviteseid fredag ettermiddag. Under stødig leiing av dirigent Nicolai Riise framførte om lag eit dusin klare røyster kjende strofer frå «Mellom bakkar og berg» og «Noregs fjelle». Mannskoret starta opp i november, og dei har nok ligge i hardtrening før sin fyrste konsert, for publikum applauderte godt då dei fekk høyre kva koret kunne by på.

Varaordførar Jonn Foldøy, som helsa publikum velkomne til vintermarken, rosa eldsjelene som legg ned mykje dugnadsarbeid for å arrangere marken år etter år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange gjer ein stor innsats for å få dette til, uttala han.

Droppa isen

Frå gamalt av vart det halde hesteløp ute på isen. Årets markenskomité ynskte å arrangere billøp og sprintløp på Sundkilen-isen, men måtte endre planane på grunn av det milde vêret som har vore.

Billøpet vart flytta til Prestegardshamni og sprintløpet inn i sentrum. Men hesten vart likevel godt synleg i sentrum. Dei som ynskte kunne få ein køyretur eller ein ridetur på ein liten shetlandsponny.

Handelen gjekk godt hjå dei fleste kremmarane, og publikum fekk også høve til å kjøpe lodd og handle juggel, strikkeplagg eller anna krims-krams i buer i sentrum. Laurdag var mest besøkt, og det krydde av folk i det strålande vintervêret.

Opna butikk

Denne helga opna Arbeidssamvirke butikk i den gamle Nørstrud-bui i Kviteseid sentrum. Dei vil starte med bruktsal etter kvart, men i helga var det berre nytt å finne i lokalet.

– Me sel produkt som er produsert her i Kviteseid, og nokon av skåpa, som mange kjenner, er måla på avdelinga vår i Nissedal, fortel Kjell Hartberg, avdelingsleiar ved Kviteseid Arbeidssamvirke.

Han fortel at dei truleg vil starte med sal av bruktinteriør og liknande denne veka, og at dei gjerne tar imot ting folk ikkje lenger har bruk for. Den nystarta butikken skal bli betjent av ein fast tilsett og folk innan arbeidstrening skal jobbe der.

– Me ynskjer å følgje vanlege opningstider, fortel Hartberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viste handverk

I kjellaren til gullsmed Aabø var seks sølv- og gullsmedar som held til i Kviteseid samla til felles utstilling av eigenprodusert handverk, råmateriale og verktøy.

Handverkarane Eli Taugbøl, Aslak Aanund Aabø, Hans Kristian Aabø, Astrid Syftestad, Sigurd Holte, Gina Aabø Nyland og Kathrine Nilsen jobbar alle med smykke og bunadsproduksjon.

Dag Jørund Lønning, leiar i jubileumskomitéen til Kviteseid idrettslag og speaker under sprintrennet laurdag, var strålande nøgd med arrangementet.

– Me hadde omkring 80 førehandspåmeldte, og det var 72 løparar som fullførte løpet. Det viser at dette blir ei årleg hending, fortel Lønning.

Sprintrennet som egentlig skulle gå ute på isen vart flytta inn i sentrum, og vart god underhaldning for markensgjestene.

Mange tonn snø

Fredag var dugnadsgjengen frå idrettslaget, jubileumskomitéen og løypelaget i Tveitgrend godt i gang med å frakte tonnevis med snø til Kviteseid sentrum. Det vart laga flotte trasear frå Sekskanten til Arbeidssamvirket, og tilbake til sentrum via kyrkja.

– Ein stor dugnadsinnsats gjorde det mogleg å gjennomføre dette spesielle og intime rennet. Teknisk gjekk det også bra, sjølv utan avansert tidtakingsutstyr. Neste år skal me vere endå betre, meiner Lønning.

Underhaldning

Det er mange år sidan idrettslaget i Kviteseid har arrangert skirenn, men oppmøtet viste at det er liv laga for skisporten også i denne bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av dei 72 deltakarane var 10 ulike idrettslag representerte, dei fleste frå Vest-Telemark.

Rennet gjekk etter sprintmodell der alle klasser fekk gå to gonger. Fyrst prolog med 30 sekundars mellomrom mellom kvar løpar og så finalar der kvar klasse hadde fellesstart.

Både publikum og deltakarar storkosa seg i det vakre vêret, midt inne blant boder og folkeliv på Kviteseidmarken, og neste vinter vil truleg rennet få endå fleire deltakarar.