NHO vil ha E 134 og Rv 52

Regionane i Næringslivets hovudorganisasjon (NHO) har laga ei felles uttale til høyringa om framtidas hovudvegar aust–vest. Der går dei inn for Vegvesenets tilråding om å prioritere E 134 over Haukelifjell og Rv 52 over Hemsedalsfjellet, melder avisa Hallingdølen.

I høyringsuttala til Statens vegvesen skriv dei at vurderinga blir bygt på analyser og oppmodingar i utgreiinga som ligg føre. Det utslagsgjevande har vore å sikre god vinter-regularitet mellom dei to største byane i landet. NHO har lagt desse kriteria til grunn for dei ulike trasévala:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Samfunnsøkonomisk nytte.

- Sikre vinter-regularitet og føreseielege fjellovergangar for både godstransport og anna næringsliv.

- Gje eit best mogleg samband med redusert reisetid for ein størst mogleg del av Vestlandet i høve til det sentrale Austlandet.

- Redusere avstandane så langt som råd for viktige reiselivsdestinasjonar.

Hallingdølen har uttala seg som sterk tilhengar av Rv 7 over Hardangervidda. Avisa merkar seg at NHO meiner Rv 7 ligg for nær E 134, og har for dårleg vinter-regularitet.