Trailer full av laks velta i Flatdal
Tysdag ettermiddag var det framleis redusert framkomelegheit på staden. Det var skilta omkøyring via riksveg 36 og fylkesveg 360.
Politiet i Sør-Aust melde frå om hendinga på Twitter rett etter midnatt natt til tysdag.
Traileren køyrte ut av vegen og velta, rett i nærleiken av Nutheim. Innhaldet i bilen var fleire tonn med laks, som hamna utover i grøfta. Naudetatane rykte ut, men politiet melde om vanskelege køyreforhold i bakkane opp ved Åsegrendi.
Artikkelen held fram under annonsen.
To tungbergarar blei bestilt for å få traileren opp att.
Føraren av traileren blei sjekka for promille på staden, men var heilt edru.
– Dette ser ut til å vera ei rein ulykke. Det er veldig glatt på staden, skreiv politiet.
#Flatdal#E134#Nutheim Melding om trailer som har kjørt ut av veien og veltet. Kun ett kjøretøy og en person involvert. Skal ikke være personskade. Politi og ambulanse straks på stedet. Oppdateres.
— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)29. oktober 2018
VTS har skiltet omkjøring via Rv36 og Fv360 mellom Seljord og Notodden. Det henstilles til at trafikantene følger denne omskiltingen.
— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)30. oktober 2018