Jolenissen var det naturlege midtpunktet under tenninga av jolegrana på Dalen laurdag.
Jolenissen var det naturlege midtpunktet under tenninga av jolegrana på Dalen laurdag.

Vinden bles i gang jolegrantenninga

Det var kraftig vind då jolegrana på Dalen blei tent laurdag. Men likevel møtte det opp svært mange – ikkje så rart sidan jolenissen var like rundt hjørnet.

– Eg trur nesten me må forsere programmet litt, medan me framleis har eit joletre her, innleidde Nora Vinjerui, leiar i Dalen næringssamskipnad.

Ho var uroleg for at treet skulle blåse over ende, og at pynten som barnehageborna på Dalen hadde laga, skulle fyke av stad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har eit tre som ikkje er så omfangsrikt i år. Me har tidlegare erfart at treet har gått i bakken på grunn av vinden, så derfor måtte me ha eit tre som ikkje hadde så store greiner i år, fortalde ho.

– Tenk ein tanke om takksemd

Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark, tok ordet og kom med ei oppmoding til dei frammøtte.

– Joletida handlar i stor grad om takksemd. Eg oppmodar alle om å tenkje ein tanke om nettopp det – takksemd, og så kan de sjå kva det gjer med dykk, sa han.

Leiar i Dalen næringssamskipnad, Nora Vinjerui, tviheldt på joletreet slik at det ikkje bles over ende.
Leiar i Dalen næringssamskipnad, Nora Vinjerui, tviheldt på joletreet slik at det ikkje bles over ende.
Fredag kveld var det tenning av jolegrana i Kviteseid.
Fredag kveld var det tenning av jolegrana i Kviteseid.

Nissen kom med pakker

Det var tydeleg at den yngre garden venta på jolenissen, og etter nokre rundar rundt joletreet i den bitande vinden, dukka nissen opp. Og sjølvsagt hadde han med seg pakker til alle saman – i alle fall til dei yngste.