Bjørn tok elg som påskelunsj
Det er mangt som vaknar til på våren og ein som har kome seg ut av hiet, er bamse brakar. Natt til tysdag har ein bjørn sett spor etter seg i våt sno rett ved vegen nær Ljosdalsvatnet i Høydalsmo. Onsdag kom naturoppsynet over eit elgkadaver bjørnen hadde forsynt seg av.
På ein køyretur på morgonsida tysdag kom Hans Sandvik over spora som var rett innmed vegen.
¬ Eg såg det var spor i vegkanten. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å sjå etter for eg trudde det var elgspor, men så stoppa eg. Då såg eg det var spor etter ein bjørn, seier Hans Sandvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han trur spora hadde kome i løpet av natt til tysdag. Då var det regn i området, og bjørnen har nok vore ute i uvêret.
Han har nok vore ute på natta for det var søle i bjørnespora. Det såg ut som om han hadde kome gåande frå garden Nøstebø, men sidan snudd og gått tilbake, seier Hans Sandvik.
Leitar i fotefar
Rovviltkontakt i Vinje, Olav Vesaas, var ute tysdag for å sjå på spora, og kunne fort konstatere at det var snakk om bjørnespor.
Dette er nok ein vaksen bjørn, og det kan vera den same som heldt til her i området i fjor. Han har søkke langt ned i snøen mange stader, seier Olav Vesaas.
Onsdag reiste Espen Marker frå Statens naturoppsyn ut saman med Olav Vesaas for å fylje etter fotefaret til bjørnen. På ettermiddagen hadde dei ikkje funne noko bjørnehi, men dei hadde funne andre spennande spor.
Me kom ganske fort over eit elgkadaver som bjørnen tydelegvis har kosa seg med over lengre tid. Det er bjørnen som har felt elgen, for me kan sjå spor i terrenget etter heile jakta, der bjørnen har drege elgen i bakken og sidan slept den ned i ei li. Det har eg aldri sett før, så det var moro. Me har òg fått tak i nokre små prøver av avføring, men vil gjerne ha tak i meir, så dagen er ikkje over enno, seier Espen Marker.
Kvar bjørnen har overvintra veit dei ikkje. Onsdag ettermiddag kom det òg inn melding om bjørnespor på Mostøyl.
Med prøvene me tek no, kan me stadfeste om det er same bjørnen som var i dette området i fjor, informerar Espen Marker.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nær kontakt med bjørn i fjor
I 2008 var det fleire observasjonar av bjørn både i Vinje, Tokke, Hjartdal og Seljord.
6. september fann ein eit sauekadaver i Ståldalen på Hjartdalsida som var teke av bjørn, og spor etter bjørneklør på rundballar.
Natt til 11. oktober fekk Bjørg Nordbø besøk av bjørn like ved tunet på garden Kvambekk i Åmotsdal, og der blei det òg teken ein sau. Bare nokre timar etterpå i Øyfjell fekk Sigmund Lid nærkontakt med bjørn då han sat på post i elgjakta.
Fylkesmannen i Telemark betala ut erstatning for til saman 21 søyer og tre lam klassifisert som bjørnedrepne i Vest-Telemark i 2008.