«Ein må vera samfunnsengasjert og direkte»
Kristin Gaarder (66) tek det faktum at ho skal gå av med pensjon i sommar heilt roleg. Det er berre det som skal skje no, det. Men ho er spent på korleis barnehagane vil vekse og utvikle seg i åra som kjem. Og på om det endeleg vil vera fleire menn som utdannar seg til barnehagelærarar og kjem heim att for å jobbe med barn.
Laurdag 24. april 1976 kunne ein lese følgjande overskrift på framsida av Vest-Telemark blad: «Kjønnsrolleog barnehageordskifte i Seljord: Kvinna skal vera heime, medan mannen arbeider!».
Seljord røde kors barnehjelp hadde søkt kommunen om eit tilskot på 10 000 kroner til inventar i barnehagen dei ville opne i det gamle badet ved Borgen. Etter fleire krasse argument frå dei mannlege politikarane, blei det fleirtal for å gje 7 400 kroner i tilskot.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nokre år seinare, i 1980 for å vera presis, kom Kristin Gaarder flyttande til Seljord. Ho kom frå Oslo, og hadde vore ferdig utdanna barnehagelærar fem år tidlegare. No var ho klar for å ta fatt på nye utfordringar i sin nye heimkommune. Ho starta som vikar, og slapp unna den verste motstanden frå menn som meinte kvinner og barn skulle vera heime, men har vore med på ei rivande utvikling i ein kommune som har vore tidleg ute med mykje innan barnehage.
Me viser ho utklippet frå avisa i -76.
– På den tida var det mykje motstand mot barnehagar. Og det var ikkje berre her i Seljord. Eg veit at det var eit utsegn frå den debatten som til og med kom med i spalta Dusteforbundet i Dagbladet, som handla om dette at barn ska vera heime og at me ikkje treng barnehagar.
«Det har skjedd så mykje på desse generasjonane.»
Norsk Dusteforbund var ei spalte i Dagbladet frå 1950 til 1990, der diktar, teiknar og humorist Fredrik Stabel tok for seg tåpelege utsegner gjennom vitseteikningar. «Stabel synliggjorde en verden av språklige katastrofer, ubegripelige resonnementer og forunderlige handlingsmønstre i den norske hverdagen», skriv Dagbladet sjølve. (Me har ikkje lukkast i å finne den eksakte teikninga Kristin omtalar, men kan vel tenkje oss at det var festleg.)
– Dusteforbundet var ein slags institusjon i seg sjølv på den tida, seier ho.
Det kan nemnast at Stabel med familie budde på Tussehaugen i Seljord ein del på 50-talet, og ferierte der fleire år seinare.
Kristin kastar eit blikk på avisutklippet att.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har skjedd så mykje på desse generasjonane Det har gått frå haldningane om at barna kan vera heime med mor, til at det no er sjølvsagt at barna ska i barnehagen og at barnehagen har ein god status Alt er endra sidan det starta med korttidsbarnehagen på Badet. Den gongen tente me dårleg, og barnehagen låg under sosialkontoret og mange tenkte «Er det naudsynt med utdanning, då? Dei passar jo berre på barn». Men no trur eg det er brei semje om at dei som jobbar i barnehage skal ha utdanning. Barnehagane er fyrste del i utdanningsløpet.
Sjølv er Kristin utdanna barnehagelærar ved Sørlandets barnehagelærarskule – ein av dei tre opphavlege utdanningsstadane i Noreg.
– Det var Dronning Mauds minne i Trondheim, barnevernsakademiet i Oslo og Sørlandets barnehagelærarskule. Eg var ferdig i -75, og då kom det samstundes ei lov om barnehage me ikkje hadde hatt tidlegare. Så etter den tid blei det utdanning på fleire av høgskulane òg. Då eg blei utdanna var tittelen min barnehagelærar, og etterkvart blei me heitande førskulelærarar. No er det tilbake til barnehagelærarar att, fortel Kristin.
Ho har på si side berre gode minne frå tida ho har jobba saman med politikarane og administrasjonen i Seljord.
– Eg synest verkeleg at administrasjonen har vore veldig imøtekommande, og dei har ønskt det beste for oss. På åttiog nittitalet fekk me til mykje bra i Seljord, takka vera den gode administrasjonen og dei interesserte politikarane. Mellom anna fekk me til fem planleggingsdagar for personalet i barnehagen før det blei ein del av lova på landsbasis. Det fortel noko om kva politikarane ønskte for oss. Og, tidlegare var det slik at for å kunne utdanne seg til barnehagelærar så måtte ein har vore praktikant. Då måtte ein gjerne jobbe i eit halvt års tid, med ganske dårleg løn. Så etter kvart blei desse praktikantane borte frå bemanninga. Alle stader blei dei bytta ut med ein assistent, som oftast var ufaglært på den tida. Men i Seljord klarte me å få med politikarane på at praktikanten måtte bli bytta ut med ein pedagog. No jobbast det på landsbasis med at femti prosent av dei som arbeider i ein barnehage skal ha pedagogisk utdanning, men her har me meir enn det alt no. To tredjedelar av oss er pedagogar, seier Kristin stolt.
Godt å vera fleire styrarar
I tillegg til deltidsbarnehagen som opna på Badet, har det vore fleire midlertidige og faste barnehagar rundt i kommunen. Både på Borgen, i eit bustadhus på Moen, i den gamle rektorbustaden til vidaregåande, i den gamle legebustaden, i biblioteket i Flatdal, i den gamle skulen på Vefall Brekke og i ein fjerdedel av gymsalen i Åmotsdal. Det var også fleire heimar som dreiv familiebarnehagar.
Sidan den gong har dei provisoriske barnehagane forsvunne, og Flatdal og Åmotsdal har fått bygt skikkelege barnehagar. Den store barnehagen Heddeli i Seljord sentrum stod ferdig i 1984, og nabobarnehagen Tussejuv opna i 2008. Etter at Tussejuv opna, blei det også bygt ein god del nytt på Heddeli.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det blei bygt ut i kvar ende, så me fekk eit stort og fint personalrom, eit møterom og eit større kjøken. Og så har dei bygt ut litt i Flatdal, fordi det var mange barn som ikkje fekk plass der, og måtte til sentrum i staden. Men framleis må nokre flatdølar gå i barnehagen i sentrum.
Kristin sit i det store, fine personalrommet i Heddeli barnehage og mimrar.
– Då eg kom hit i 1980 hadde eg fyrst berre nokre vikariat her og der. Men heldigvis så ville kommunen gjerne byggje ut heildagstilbod. Så medan me venta på det var eg tilsett i eit vikariat i ein familiebarnehage ei stund. Så blei det sett i gang eit mellombels heildagstilbod nede på Moen hausten -83, i den gamle legebustaden. Den gongen blei eg fast tilsett, og har vore med sidan då.
Barnehagen Heddeli har vore open sidan 1. februar 1984. Då var Kristin fyrst avdelingsleiar for barnegruppene som gjekk i barnehagen to og tre dagar i veka.
– Styrar har eg vore sidan -89 eller noko i den dur. Det er litt vanskeleg å hugse alle årstal. For Flatdal og Heddeli har eg vore styrar dei siste fire eller fem åra, sidan dei blei administrert saman.
Kristin bur sjølv i Svartdal, og passar difor på å vera innom båe barnehagane ho er styrar for kvar dag.
– Sidan eg bur der eg gjer, så køyrer eg jo forbi barnehagen i Flatdal kvar morgon. Difor er eg som regel der nokre timar frå starten av, før eg reiser vidare til Heddeli.
Saman med Kristin er det også ein annan barnehagelærar i ei 40 prosent stilling som fungerer som styrar. Ho fortel at det har vore fint å vera to.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når Kristin pakkar saman på kontoret sitt overtek Heidi F. Haugerud – som har vore med Kristin i 40 prosent-stillinga – som styrar. Ho får så att med seg ein ny barnehagelærar i ei 40 prosent stilling. Det er Kristin glad for.
– Det å vera styrar kan fort bli ein litt einsam affære. Så det å vera fleire har vore utruleg fint. Å ha nokon å kaste ball med er gull. Å utveksle tankar og idear. Som styrar skal du utvikle personalet, utvikle organisasjonen, drive det administrative og generelt ha det overordna ansvaret for det pedagogiske innhaldet i barnehagen. Og det er veldig bra å ha nokon å gjera det saman med.
– Kva eigenskapar treng ein god styrar?
– Eg tenker at du må vera direkte. Tore å ta opp ting.
Vera open og krevje det same frå andre. Slik byggjer ein eit godt team. Me jobbar så tett saman, så det er viktig at me jobbar godt saman. Og då må ein vera ærleg. Og så er det kjempeviktig å vera samfunnsengasjert. Slik at barnehagen ikkje blir ei øy i samfunnet. At ein ikkje har denne jobben berre fordi ein likar barn, på ein måte. Ein er nøydd til å følgje med på kva som skjer i samfunnet, slik at ein kan møte foreldra der dei er, i deira livssituasjonar og kulturar. Og så må ein vera oppdatert på det faglege.
Ho fortel at sjølv om jobben som styrar består mest av kontorarbeid, passar ho på å alltid ha ei open dør, og på å kome seg ut til dei andre for å vise at ein er her.
– Ein kan ikkje setje seg bak ei lukka dør, ein må vera til stades. Eg veit det er noko som heiter skulevandring, der rektorar går rundt på skulane for å følgje med på undervisningen. Eg har aldri hatt noko namn på det, men eg har gjort det masse. Viss ikkje får ein ikkje utvikla organisasjonen. Og så har eg sjølvsagt steppa inn når det har mangla folk.
Om under ein månad, 13. juli, fyller Kristin 67 år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva tenkjer du om å skulle pensjonere deg no?
– Det er berre slik det er, det. Det har eg alltid tenkt, at eg skal slutte når eg er 67 år gamal. Viss helsa heldt, og det har ho gjort.
Mange mellombelse løysingar
Etter 37 år har Kristin mange gode historier frå arbeidslivet. Som den gongen namnet på barnehagen Badet blei misforstått av ei som ville ha tak i styraren på telefon.
– Den fyrste barnehagen i Seljord blei som sagt kalla Badet, fordi den låg i det gamle offentlege badet. Ho hugsar den gongen det var éin styrar for barnehagane, og styraren var litt rundt forbi. Kristin tok telefonen då nokon ringte og spurde etter styraren. «Nei, ho er på Badet», sa eg. «Du får prøve att litt seinare». Så gjekk det ganske lang tid, to-tre timar kanskje, før ho ringte på nytt. «Nei, ho er på Badet», sa eg på nytt. Då fekk eg til svar: «Er ho på badet enno?!», minnest Kristin med eit flir.
Ei anna historie handlar om at barnehagen i Flatdal opphavleg var lokalisert i biblioteket.
– Eg hadde eit vikariat for ho som var barnehagelærar der då eg var heilt ny her. Då måtte me rydde etter oss om kveldane og flytte møblane ut i gangen, for så å rydde dei inn att om morgonen. Det var ikkje så godt tilrettelagt for barnehage, men barnehage blei det. Og så var det vallokale der, då. Så eg hugsar ordføraren kom innom seint om kvelden før valet. Han sa at det skulle vera val neste dag, og lurte på om eg ikkje kunne stenge barnehagen den dagen. Så uformelt var det faktisk. Han ville ha vallokalet der det bruka å vera. Eg sa at det kunne eg ikkje, men at kanskje me kunne flytte opp i samfunnshuset den dagen. Eg kunne jo ikkje ringe rundt seint på natta og seie at det ikkje blei barnehage neste dag. Så då blei det barnehage i samfunnshuset den dagen.
«Eg synest det er veldig synd at ingen menn jobbar her.»
Artikkelen held fram under annonsen.
På den tida ho jobba i barnehagen i Åmotsdal var dei i gymsalen på skulen.
– Det rommet blei altfor stort for dei åtte-ni barna som var der. Så me delte gymsalen i fire delar, og heldt oss i eit lite hjørne. Dei på skulen frykta at det skulle bli mykje bråk frå dei små, men eg hugsar at dei som jobba der oppe blei veldig overraska, for det var mindre bråk med barnehagebarna enn med skulebarna.
Hovudgrunnen til alle dei mellombelse barnehagane var at talet på foreldre som ønskte barnehageplassar steig fortare enn tida det tok å få skikkelege barnehagar med nok plassar i stand.
– Me mangla mange plassar. Og så var det éin periode politikarane tok veldig feil. Eg har nemleg bestandig ønskt meg ei eiga småbarnsgruppe. Dei minste barna treng noko eige, noko anna enn dei store barnegruppene. Men dette forslaget kom samstundes som kontantstøtta, så det turte ikkje politikarane å seie ja til. Difor blei det berre bygt ut littegrann her i Heddeli, med fire plassar eller noko. Dei meinte det ikkje var behov. Men så blei det etter kvart veldig mange søkarar til småbarnsavdelinga. Så det blei mellombels barnehage i den gamle rektorbustaden til vidaregåande, før det blei bygt på ei småbarnsavdeling her. Det heldt fram med å auke av søkarar.
Akkurat no er det 69 barn fordelt på Flatdal og Heddeli.
– Eg har rekna veldig grovt på det, og funne ut at eg har vore styrar for om lag 500 barn i løpet av tida eg har jobba her.
– Kor mange namn trur du at du hugsar?
– Nei, det var det, då … ler Kristin.
Spent på framtida
Sjølv om Kristin snart ikkje skal jobbe i barnehagen meir, kjem ho alltid til å engasjere seg i fagmiljøet ho elskar og kjenner så godt. Ho har mykje kunnskap og mange meiningar.
– Det er forskjellige interesser blant folk når det kjem til innhaldet i barnehagen. No har me fått ny rammeplan som trer i kraft frå 1. august. Det fyrste framlegget fekk ein del motbør, til og med på Stortinget, fordi det mellom anna blei sagt at språket skulle kartleggast og fordi leiken blei lite nemnt. Men eg er veldig fornøgd med den som dei landa på til slutt. Samstundes høyrer ein jo at i dei nye planane til skulen så er ikkje leik nemnt i det heile teke. Sjølv om det den gongen seksåringane skulle starte på skulen var ein del av avtala at leik skulle vera ein stor del av kvardagen. Så eg er så spent på framtida. Klarar me å bevare barnehagens eigenskap – leiken?
Eit anna tema som opptek ho er den overveldande mangelen på mannlege barnehagelærarar og pedagogar.
– Eg synest det er veldig synd at ingen menn jobbar her. Me har nokre unge gutar som me har hatt som vikarar, og det har det vore litt av jamnt opp gjennom åra. Ofte slike som er ferdige på vidaregåande og treng noko mellombels før vidare utdanning. Men aldri nokon faste med relevant utdanning.
Faktisk har Heddeli barnehage berre hatt éin einaste mannleg barnehagelærar i heile si historie.
– Han flytta. Men det beviste at dei finst, altså. Eg veit at det er mange barnehagar i Oslo som har mange menn, til dømes. Det er både populært og naudsynt. Det er viktig for barna å ha både kvinner og menn rundt seg, at barnehagen ikkje blir berre ei kvinnegreie.
– Kvifor trur du at det framleis er slik?
– Noreg er vel eitt av dei landa i vår del av verda der det framleis er mest kjønnsdelt arbeidsmarknad. Kvifor veit eg ikkje. Lenge kunne ein forklare det med lønna, men det kan ein ikkje no lenger. Då eg starta å jobbe i -75 var årslønna mi 49 000 kroner. No er ho fullt på line med lærarar, sjukepleiarar og liknande. Men eg veit at det er nokon barnehagar her og der som får tak i mange menn. Og det blir det vel kanskje ein kultur for det der. Det er nok ikkje så greitt å vera den einaste mannen i eit kvinnedominert miljø. Men det er synd, for ein ser så tydeleg at det er nokre aspekt som blir litt borte i kvardagen, seier Kristin.
– Kva kan ein gjera konkret for å lokke fleire menn til barnehagane, trur du?
– Eg ser at enkelte kommunar har fått eit tilbod frå fylkesmannen, som har sagt at barnehagane kan søkje om nokre midlar for noko som heiter «leikeressurs». Det har ikkje me nytta oss av, for me har jo som sagt hatt mange mannlege vikarar. Me har berre ikkje klart å rekruttere dei til vidare jobb i barnehagane. Kanskje ein må vera flinkare til å få ut faktainformasjon om yrket. At dette ikkje er eit lågløna yrke lenger. Og at me er veldig mykje ute. Me har ein flott lavo, me har bålplass og me går på tur kvar dag. Det er mykje ein gjer i ein barnehage som kunne passa for mange menn. Dei litt uteglade friluftstypane, til dømes, seier Kristin.
Bekymra for bemanninga
At det ikkje er nok mannlege krefter i barnehagane er ein ting. Kristin er også bekymra for bemanninga generelt.
– No går nesten alle eittåringar i barnehage. Og dei krev noko heilt anna enn dei som er 3, 4, 5 og 6 år gamle. Forsking seier at for at ein barnehage skal vera god må ein ha kvalifiserte folk over tid, og for barn under tre år burde det vera ein person per tre barn. Og det burde det vera i heile opningstida, seier Kristin alvorleg.
Ho meiner det er synd at det ikkje blir sett at barnehagane treng meir bemanning med fleire småbarn.
– For å ta Heddeli som eit eksempel, så kan det vera dagar her at ein vaksen er aleine med 7-8 eittåringar i ein halvtime eller meir. Fordi det er berre akkurat fire timar midt på dagen at alle saman er på jobb, men barnehagen opnar halv åtte og stenger halv fem. Då blir det slik av og til. Og her er det godt bemanna, altså, så det er nok verre mange andre stader. Det er ikkje bra. Lova frå -75 sa i si tid at det skulle vera éin barnehagelærar på 16 barn. No seier lova at det skal vera éin barnehagelærar på 16–18 barn. Og då er det aldri 16, veit du. Då er det 18. Me har ikkje blitt fleire tilsette sjølv om barna har blitt mindre. Og det trengst verkeleg.
– Når det er snakk om småbarn så er det 7–9 barn per barnehagelærar. Her har me heldigvis to på det talet. Men likevel kan det vera at du er aleine den siste halvtimen av dagen, og då er det mykje på éin person, seier Kristin.
Og det er ikkje berre i sjølve jobben med barna at ting er krevjande og tek tid.
– I ein barnehage er det veldig mykje praktisk arbeid å gjera. Det er viktig at dei får sunn og god kost. Å førebu slik mat tek tid. Her er me så heldige at me får til å bake brød og slikt, men eg veit ikkje korleis det blir i framtida. Det blir meir og meir press, og barna blir yngre og yngre. Og det er jo kjempebra! Men det burde følgt med litt meir bemanning. Frå i år av så har barn til og med dei som fyller eitt år innan 1. desember rett på barnehageplass. Då trengst det betre bemanning i småbarnsgruppene, seier Kristin.
«No går nesten alle eittåringar i barnehage. Og dei krev noko heilt anna enn dei som er 3, 4, 5 og 6 år gamle.»
Utfordringane og fordelane med fleire nasjonalitetar
På 37 år er det ikkje berre menn sine haldningar til barnehagar, politikken rundt og storleik på avdelingar som har endra seg. Me har også blitt ein del av eit fleirkulturelt samfunn. Det har Kristin og dei andre tilsette valt å møte med å lære barna om lokal kultur.
– Me har brukt lokal kultur veldig mykje i innhaldet i barnehagen, som temaarbeid og anna innhald. Nokre gonger kan det ta litt av, som då me hadde arbeidd med tussar. Me gjekk opp Gamle Gullnesveg på ein tur ein dag, og så såg ein liten gut ned i det som heiter Tussejuv. Plutseleg ropa han «Sjå der! Sjå! Det er tussen, jo!». Så då fann me vel ut at me kanskje ikkje burde jobbe med det med fullt så mykje entusiasme, ler Kristin.
Faksimile frå VTB laurdag 24. april 1976.
– Men filosofien vår har i alle fall vore at viss me lærer barna å bli godt kjende med den lokale kulturen, fyrst her i Seljord, og vidare kulturen i Noreg, så meiner me at det blir lettare for barna å ta godt imot dei som kjem frå andre kulturar og ta med seg det dei har lært inn i dei møta.
Å vera med på å integrere barn frå andre land er både spennande og utfordrande. Kristin fortel at ho ofte skulle ønskje dei hadde meir kompetanse på akkurat det.
– Det finst sjølvsagt kurs og studiar ein kan ta, sjølv om det ikkje er like store utfordringar her som det kanskje er mange andre stader. Men eg trur det kom nokre somaliarar og iranarar til Seljord alt på slutten av åttitalet, faktisk, fortel ho. I år har dei barn frå fire land i tillegg til Noreg.
– Det er forskjellar på barna. Me har flyktningane, som kjem med ressursar og har rett til språkopplæring og hjelp, og så har du barn av framandarbeidarar som ikkje har dei same rettigheitene. Difor er det så viktig at me har veldig fokus på språk her i barnehagen. Me passar på at me får jobba systematisk med språk i barnegruppene her, mellom anna takka vera ein språkplan Seljord kommune har utvikla. Me brukar mest mogleg nynorske barnebøkar, songar, rim og regler, og så blir det litt lokal dialekt frå dei som pratar det, då, seier Kristin.
Men det er ikkje berre med dei framandspråklege barna det fort kan oppstå utfordringar.
– Me har av og til måtta gått nokre rundar på med dette med oppdraging. Haldningane til barn i vårt samfunn er veldig forskjellig frå i enkelte andre kulturar. Til dømes når det gjeld korleis ein snakkar til barn og korleis ein set grenser. Det har ikkje vore problematisk å ta det opp, men det har ofte teke litt tid å få dei det gjeld til å forstå. Det er nokon år sidan førre runde av den typen, då. Det viktigaste for oss er at alle er klar over at barn berre er små menneske, og at dei krev den same respekten av oss som ein vaksen krev. Men i nokre andre kulturar ser ein meir til den haldninga at «dei er berre barn». I Noreg er me bundne av FNs barnekonvensjon, om at barn skal ha ein innverknad på sine eigne liv. Slik er lova. Heldigvis.
Kva planane for pensjonisttilværet er, er ikkje Kristin så interessert i å snakke om.
– Det er ganske uinteressant for alle andre enn meg, trur eg. Men det eg gjerne vil seie, er at det har verkeleg vore fint å jobbe i Seljord kommune. Og det er sjølvsagt i stor grad på grunn av alle dei bra folka som jobbar her i barnehagen. Dei er grunnen til at eg har kunna stått støtt i denne jobben i så mange år, at eg har knalldyktige folk rundt meg. Viss ein blir i eit arbeidsmiljø så lenge som dette, så er det fordi ein har flinke folk med seg. Så eg gler meg til å sjå kva som skjer her vidare etter at eg er ferdig.