– Me må vera der det skjer
Etter 17 år på Brøløs i Seljord flyttar Vest-Telemark Synssenter til Telesenteret.
Dagleg leiar Svein Andrup og optikarkollega Anne Brennemo seier flyttinga har tvinga seg fram over tid.
– Me har vore Brøløs-patriotar i alle år. Men me er avhengige av drop-in-kundar. Dei er det mindre av der. Derfor har me i fleire år vurdert å nærme oss «det nye sentrumet». Når me no har tatt valet om å flytte, gler me oss, seier Andrup.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han har også ein butikk i Bøsenteret, og seier drop-in-kundane her står for 20 prosent av den totale omsetninga.
– Me må vera der det skjer, seier Andrup.
8. mai flyttar synssenteret inn på Telesenteret, og fyller med det opp det siste ledige lokalet rett ved Vinmonopolet. Med flyttinga fylgjer også namnskifte til Alliance Optikk Vest-Telemark. Butikken i Seljord er ein av 85 i kjeda.
– Me har vore under Allianceparaplyen i fleire år, men blir den fyrste butikken i landet som blir innreidd med nytt interiør. Det er moro, seier Andrup.
– Konseptet blir det same som før; kvalitet og fagleg kompetanse i høgsetet, legg han til.
Frå å vera eit innkjøpssamarbeid blir det i Alliance-kjeda sett meir fokus på vidareutdanning og kompetanseheving. Sjølv tek Andrup mastergrad i barn og samsyn.
– Det finst lite kunnskap om dette, seier Andrup som vil kartlegge synet til 6- og 7-åringar både i byar og på landet, i regi av høgskulen i Vestfold og Buskerud.
Han seier at det i den nye butikken blir lagt til rette for synstrening som supplement til bruk av briller for å styrke barns samsyn.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er viktig med grundige undersøkingar for å gjera kvardagen lettare, seier han.
Kollega Anne Brennemo har spesialkompetanse på linser. Ho har tatt vidareutdanning i temaet tørre augo.
– Dette er eit problem fleire og fleire er plaga med, mellom anna som fylgje av meir bruk av data. Det gjeld å finne ut kvifor augo er tørre, slik at ein lettare kan gje den rette behandlinga, seier Brennemo.