Jack Hagen, Åse Heistad Nilsen, leiar i Tiuren 4H, Kristin Wrålsen Evja, Johannes Skarprud og Berit Hermansen.
Jack Hagen, Åse Heistad Nilsen, leiar i Tiuren 4H, Kristin Wrålsen Evja, Johannes Skarprud og Berit Hermansen.

60 år – men framleis like ung

Med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse er medlemmene i Tiuren 4H i Brunkeberg framleis ein levande og god klubb 60 år etter oppstarten.

På same viset som 18. mars 1957 møtte medlemmene i Tiuren 4H fram på skulen i Brunkeberg til årets haustfest. 60 år etter oppstarten er laget framleis ein levande og fin møtestad for unge i bygda, og oppgåvene medlemmene har arbeidd med i år viser både kreativitet og arbeidssame prosjekt.

For dei unge

– «Ressursperson», «førebyggande ungdomsarbeid», «lokale tiltak for barn og ungdom». Fine store ord som ingen hadde høyrt om i 1957. Då var det helst uttrykk som «dugnad» og «trekkje lasset» og «å ha det morosamt saman» som rådde grunnen den gongen. Det er ord som er gode å ty til når ein skal omtale Tiuren 4H i Brunkeberg som i år feirar 30 år som klubb, står det i ein artikkel me finn iVTB sitt historiske arkiv, 23. april 1987. Rosen er retta til Signe Skarprud der ho blir heidra for 30-års engasjement i klubben ho starta og bruka mykje av tida si på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inspirasjon frå Fyresdal

I 2008 møtte VTB den då 91 år gamle Signe Skarprud som kunne fortelje at 4H-klubben blei stifta 18. mars 1957 på eit møte på skulen i Brunkeberg. Skarprud fekk idéen om å stifte foreininga då ho såg at tantebarna i Fyresdal hadde det svært moro og lærerikt i sin 4H-klubb.

Tiurleiaren for ni år sidan, Tone Mari Golid og venninna Vigdis Groven Opsund, meinte at 4H var ein viktig samlingsstad i bygda.

– Me har ikkje så mange andre fritidstilsbod, så det er særs viktig å ta vare på det flotte me har i 4H, uttala dei to ungdomane på besøk hos Skarprud året klubben hadde eksistert i 51 år.

Siri Sandland (fagskjold i sylv), Johanna Krossbakken (bronsemerke), Lydia Kok (gullmerke), Sigrid Rognsvåg (fagskjold i sylv), Ingvild Groven (fagskjold i gull), Sondre Wrålsen Evja (bronsemerke) og leiar Kristin Wrålsen Evja (fagskjold i gull). Framme frå venstre: Nestleiar Torje Grestad (bronsemerke), Eik Saxhaug (aspirantmerke), Erlend Grestad (aspirantmerke), Andreas K. Midtbøen (aspirantmerke), Saamund Martinsen Heggtveit (aspirantmerke), Ingeborg Lie Lundeberg (aspirantmerke), bak står Maren Martinsen Heggtveit (aspirantmerke), Wilma Saxhaug (aspirantmerke) bak står Kari Sandland (aspirantmerke).

Jack Hagen, Toralf Bjåland, Kjell Angel Fjellheim og Einar Groven. Andre rekkje: Åsne Heistad, Hilde Aslaug Skarprud, Else Øygarden og Arne Heistad. Ved vindauge: Ingebjørg Tjønnstaul, Jarle Fjellheim, Tone Reidun Skarprud, Johannes Skarprud, Berit Runningen, Tone Berit Grave og Anne Bjåland. Heilt bak: lærar Tor J. Skarprud.

Aspirantane Wilma Saxhaug og Kari Sandland likar godt å vere med i 4H og viser stolt fram oppgåvene dei har arbeidd med.
Aspirantane Wilma Saxhaug og Kari Sandland likar godt å vere med i 4H og viser stolt fram oppgåvene dei har arbeidd med.
Ordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad, kom med helsing og gåvesjekk til 60-årsjubilanten Tiuren 4H.
Ordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad, kom med helsing og gåvesjekk til 60-årsjubilanten Tiuren 4H.
Ein kvar haustfest plar ha rikeleg med god og latterfylt underhaldning. Her blir haustens beste sminketips vist fram på modellane Sigrid Rognsvåg og Kristin Wrålsen Evja.
Ein kvar haustfest plar ha rikeleg med god og latterfylt underhaldning. Her blir haustens beste sminketips vist fram på modellane Sigrid Rognsvåg og Kristin Wrålsen Evja.
Ingeborg Lie Lundeberg hadde arbeidd med handarbeid i 4H-oppgåva si.
Ingeborg Lie Lundeberg hadde arbeidd med handarbeid i 4H-oppgåva si.
Mange flotte oppgåver hos medlemmene i Tiuren 4H.
Mange flotte oppgåver hos medlemmene i Tiuren 4H.
Eik Saxhaug, Saamund Martinsen Heggtveit og Vilde Grestad på haustfest.
Eik Saxhaug, Saamund Martinsen Heggtveit og Vilde Grestad på haustfest.
Johannes Skarprud fortalde om historia til Tiuren 4H.
Johannes Skarprud fortalde om historia til Tiuren 4H.
Mange flotte oppgåver hos medlemmene i Tiuren 4H.
Mange flotte oppgåver hos medlemmene i Tiuren 4H.
Nestleiar Torje Grestad og leiar i Tiuren 4H, Kristin Wrålsen Evja, leia haustfesten.

Ivrige hender

Ni år seinare. I klasserommet på skulen i Brunkeberg er dei ulike oppgåvene til årets 4H-arar stilt ut på rekkje og rad. Her kan ein sjå at flinke hender og klare hovud har arbeidd med alt frå fiske og friluftsliv til baking, matstell og handarbeid.

Eitt av medlemmene, Wilma Saxhaug, viser stolt fram oppgåva ho har laga om kabylsk vev.

– På sommarskulen i Kviteseid lærte eg å veve slike band av husflidslaget. Det var ei morosam oppgåve å arbeide med, smiler Saxhaug og demonstrerer korleis ho har laga både nøkkelringar og band i ulike fargar og variantar.

Frå utklyppsboka

I gymsalen var det pynta til fest og både dagens medlemmer og tidlegare medlemmer var invitert.

Johannes Skarprud, son til Signe som starta Tiuren 4H, delte minne han hadde frå 4H og ulike bilde og avisartiklar han hadde funne i utklyppsboka til mor si.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her har ho lima inn mykje frå historia til Tiuren, og eg veit ho sette ho stor pris på klubben, uttala Skarprud.

– Hausten 1956 såg skulen i Brunkeberg slik ut og dette var elevane som gjekk her. Far min var lærar, forklara Skarprud, og viste fram eit skulebilde som likefort kunne vore oppstartsbilde til Tiuren 4H.

– Dei aller fleste var med på det fyrste møtet til Tiuren 4H i mars 1957. Eg var på møtet eg også, men sidan eg ikkje var gamal nok til å bli med i klubben, låg eg under bordet under heile møtet, smilte Skarprud.

Aktivt lag

Han presenterte ulike avisutklypp truleg frå den fyrste gongen Tiuren 4H var på trykk og fram til i dag.

– Her ser de mellom anna ein artikkel frå 1962. Då var det haustfest på Haukom skule saman med 4H-klubben der, og eg meiner også at det var haustfest saman med klubben i Nordbygdi ein gong, uttala han, og kunne mimre saman med dei eldste medlemmene tilbake til ulike 4H-aktivitetar – både frå haustfestar, fleire jubileum og handverk og matlaging medlemmene har arbeidd med.

– I starten var det bare unge frå Brunkeberg som var med i Tiuren, men i 1968 blei også unge frå Ordal og Åsgrend med og klubben blei større, fortalde Skarprud.

– Mor takka av som leiar etter 30 år i klubben, men var oppteken av Tiuren og 4H heile livet, sa Skarprud.

Ein takk til Signe

Til jubileumsfesten var tidlegare medlemmer og klubbrådgjevarar inviterte, og tre av medlemmene som var med då klubben blei starta i 1957 fekk mykje å mimre om etter at Skarprud hadde vist gamle bilde og fortalt litt av historia til klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berit Hermansen har mange gode minne om Signe som starta klubben.

– Signe var fantastisk. Og me må kyte av Signe som hadde oss i 4H og tok oss med heim og inn på kjøkkenet sitt. Ho la grunnlaget for at me blei husmødre. Eg var veldig glad i Signe, og ho skal ha ein stor takk for alt ho lærte meg. Ho skulle vore med oss her i kveld, sa Berit Hermansen med støtte frå Åse Heistad Nilsen.

– Eg lærte mellom anna å spite av Signe og sy og anna handarbeid. Ho kunne så mykje, tida i 4H blei som husmorskulen for meg, seier Nilsen.

Jack Hagen har også mange gode minne frå tida i 4H, og kunne fortelje om ulike oppgåver han hadde arbeidd med.

– Me hadde det mykje moro saman, og den fyrste oppgåva eg hadde i 4H var om gulrøter. Den gjekk fint. Det var verre med oppgåva om kaninar, den var heller mislykka. Eg fekk nokre fine kaninungar, men alle døydde, dei var innavla. Så eg fekk ikkje dømt den oppgåva ein gong, smiler han.

Dei unge i leiinga

Leiar Kristin Wrålsen Evja og nestleiar Torje Grestad leia haustfesten med stø hand og introduserte både morosame innslag og sketsjar, matog kakepauskakepauser, loddsal og til sist takk til klubbrådgjevarar, vaksne som hadde vurdert oppgåver og sjølvsagt merkeutdeling til alle medlemmene i foreininga.

Som alle 4H-møte blei jubileumsfesten samla med eit rungande løfte, både frå medlemmene frå då klubben starta i 1957 og fram til i dag; Me lovar å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarte, flinke hendar og god helse.

Kuttframlegget kan få dramatiske konsekvensar

Fylkesleiar i 4H Telemark, Hanne Vibeto, seier til VTB at ho ikkje veit konsekvensane dersom kuttframlegget i samband med statsbudsjettet blir gjennomført.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det vil påverke korleis me skal drive organisasjonen vidare. 4H er spesielt viktig for eit fylke som Telemark og bidreg til positiv aktivitet og opplæring til barn og unge i heile fylket. Eg er skuffa og irritert over framlegget, dei tek og tek. Men eg har ei viss tru på at det kan rette seg i budsjettforhandlingane – Venstre-leiar Trine Skei Grande er tidlegare 4H-ar, seier Vibeto.

I framlegget er heile posten med stønad til organisasjonar foreslege kutta, og skjer dette kan 4H som organisasjon miste totalt 7.171.000 kroner, noko som vil gje dramatiske konsekvensar for arbeidet i Buskerud, Vestfold og Telemark. Konsekvensen kan bli kutt i stillingar, og dårlegare oppfylging av lokale klubbar og tilrettelegging av gode aktivitetar, melder dei tre fylkeslaga saman i ei pressemelding.

4H i Buskerud, Vestfold og Telemark tel om lag 1 700 medlemmer delt på 79 klubbar. Dei har også fire 4H-gardar som er ein viktig aktør av opplysingsarbeid for sunn mat, god helse, landbruk og grøn næringsutvikling.

Meir om Tiuren frå VTB-arkivet: 

Tiuren 4H fyller 25 år

Triveleg haustfest i 1984