Den som ropar i skogen -
Ytring i skuledebatten
Korleis vil politikarane i Kviteseid at avgjerdsler skal bli tekne? Skal det vere slik at me må konkurrere om å rope høgast? Me foreldre ved Brunkeberg oppvekstsenter kom med ei uttale til skulerapporten grunna førre budsjettrunde, men den er det sjølvsagt berre politikarar som har sett. Skulle tru dei var viktigast i prosessen, dei med avgjerdsmynde, men jammen burde me ikkje ha skrike høgare, kan det sjå ut som – for no kom alternativ til løysing frå administrasjonen – Kviteseid kommune vil spare pengar ved å leggje ned den av dei tre skulane som driv aller mest kostnadseffektivt! Forstå det den som kan. Me la likskapsprinsippet mellom dei to oppvekstsentra til grunn då me handsama uttala vår, men det var kanskje litt for nobelt av oss, sett i ettertid. Førre runde vart det reagert på at ein måtte ta ei rask avgjerdsle i saka, nettopp for å hindre at ein tek massive, dårleg planlagde grep for å få eit budsjett i balanse. Ei skulenedlegging bør planleggast godt og over tid, alltid med barnas beste i tankane, samstundes med at ein kan kjenne seg trygg på at det var det beste grepet ein økonomisk kunne ta – ikkje ei økonomisk krampetrekning. Her kjem vårt rop til lokalpolitikarar og administrasjonen; kan de vere så snille å tenkje dykk om?! Dette var uttala vår, basert på vedtaket i kommunestyremøtet 19.06.2015:
Alternativ 1 – likt skuletilbod ved grendeskulane; 5.-7. klasse ved Straumsnes blir lagt ned.
Uttale: Me meiner dette er det mest forsvarlege alternativet som vil oppfattast som mest diplomatisk/demokratisk sett heile kommunen under eitt. Skulen i Brunkeberg er god og har lang erfaring med blanda klasser og bør få halde fram så lenge det er elevgrunnlag for det. Her har ein også god erfaring med samarbeid barnehage/skule, for å førebu førskuleelevane på skulestart. Ein opplever at også Straumsnes oppvekstsenter er dyktige på dette, men elevgrunnlaget klassevis her er slik at ein bør flytte 5.-7. klasse ned til Kviteseid. Det psykososiale miljøet er særs viktig for unge i denne alderen, og ein ser at vrådølane kan synest det er vanskeleg å skulle gå inn i ei elevgruppe som då alt har hatt tre år på å bli kjent. Når det gjeld økonomien bak er det innlysande at det blir innsparingar ved å flytte desse elevane ned til Kviteseid. Med alternativ 1 vil ein berre ha generelle vedlikehaldsutgifter på dei to grendeskulane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alternativ 2 – to (2) skular Kviteseid og Brunkeberg.
Uttale: «Tallenes tale» er slik at skal ein leggje ned ein av grendeskulane, viser økonomien at Brunkeberg bør bli driven som i dag, medan Straumsnes skule burde avviklast. Driftskostnadane, og særskilt elevkostnadane, er langt over dei to andre skulane. Me innser at små variasjonar i elevtalet kan få store utslag, men likevel ser ein at utviklinga er lågare elevtal framover i tid samanlikna med Brunkeberg.
Alternativ 3 – to (2) skular Kviteseid og Straumsnes.
Uttale: Dersom elevtala held seg stabile og ein held fram med god økonomisk styring, er det ingen argument for at ein bør spare Straumsnes og leggje ned Brunkeberg. Alt no har Brunkeberg fleire elevar på 1.-4. klasse enn Straumsnes har på 1.-7.
Alternativ 4 – ein (1) skule Kviteseid
Uttale: Etter alternativ 1 er vel dette det alternativet som bør tre fram som ei felles løysing for kommunen. Då ser me bort frå barnehagane, som me ser framleis bli drivne i Brunkeberg og Vrådal, barnehagen i Kviteseid opphører. Likevel vil det krevje store utbetringar ved Kviteseid skule. Har ein eigentleg råd til det? Vil innsparingane bli så store som rapporten skisserer? Rapporten i seg sjølv er eit forslag til korleis ein kollektivt i kommunen kan tenkje økonomi utan at det går ut over kvalitet. Det handlar ikkje berre om å flytte kronene rundt innanfor kommunegrensene, men faktisk få utteljing for noko ein i utgangspunktet kan kjenne at svir. Kunne ein tenkt annleis? Kva med legetenesta me har der utgiftene per pasient er langt over landsgjennomsnittet? Og det i ei tid der politikarane har innført generell tilsettingsstopp.
Samla blir utgiftene redusert med 3.8 mill. kr. per år. Skulerapporten seier at halvparten av innsparinga skal gå til «å betre kommunen sitt økonomiske resultat og den andre halvparten til å gjere naudsynte og ynskjelege investeringar i skule og barnehage. «Foreldreutvalet ved barnehagen i Brunkeberg meiner at dette ikkje er ein måte å «redde» kommunens økonomi på. Heile reduksjonen på 3.8 mill. burde gå til skule/barnehage.
Me ønskjer administrasjon og politikarar lykke til med å gje oss, foreldre og barn, eit tilbod me kan vere glade for at me har, eit tilbod som gjev oss det vi treng.
Foreldrerådet, Brunkeberg Oppvekstsenter