Vellukka samarbeid
Det var latter og full fart i akebakken på Kleivjordet i Morgedal tysdag då dei eldste ungane frå barnehagane i Kviteseid var samla.
I fjor kom leiarane ved barnehagane ved Straumsnes oppvekstsenter, Brunkeberg oppvekstsenter og barnehagen i Kviteseid fram til at dei ville samarbeide om eit felles arrangement kvart år.
Difor inviterte barnehagen i Brunkeberg tysdag til felles ake- og skidag på Kleivjordet i Morgedal for å markere barnehagedagen 2010.
Artikkelen held fram under annonsen.
Litt over førti barn, frå tri til seks år, saman med tilsette og nokon foreldre nytta ein heil dag til leik og moro i det flotte skileikanlegget i Morgedal.
Med ganske så hardt underlag fekk rumpebretta god fart for små og store som sette utfor kuleløyper og løyper med portar. Nokon prøva seg også på skia, medan andre kosa seg med å base i snøen.
Då svolten melde seg var det godt med ein god pause i gapahuken rundt bålet der pølsene vart grilla. Så var energimålaren atter på topp, og det var klart for nye aketurar.
Mange små med stor underhalding
At det er stort å oppleve underhalding frå barnehagar fekk mange vaksne nissedølar erfare denne veka.
Tysdag blei den landsomfattande barnehagedagen markert på ulike måtar i mange kommunar. Barnehagane i Kyrkjebygda, Haugsjåsund og Treungen inviterte til underhalding og utstilling i fleirbrukshuset ved Tveit skule i Treungen. Denne sesongen brukar 59 unge frå 1 til 6 år barnehagetilbodet i Nissedal kommune.
Målet med den landsomfattande dagen er at barnehagane skal ut og vise seg fram. Dei tri barnehagane i Nissedal kommune hadde i lang tid jobba målretta med tanke på arrangementet.
Eit godt frammøte av både foreldre og andre fekk oppleve ung underhalding frå mange av barna, også dei yngste. Fellessongar, soloframføringar og eventyr kom på rekke og rad. Barna viste eit flott engasjement på scena, og det var tydeleg at publikum storkosa seg.
Etter underhaldinga var tida komen for å sjå på den store utstillinga som barnehagane hadde stelt til i andre enden av fleirbrukshallen. Det blei prikken over ien for eit arrangement der dei små viste seg å vere store.