Grendene blir taparane
Margit Bjåland i Morgedal hiver seg inn i debatten om manglande rekruttering i skiidretten. Ho meiner at satsinga på fotball, slik det blir gjort med kunstgrasbanen i Kviteseid, fører til at andre aktivitetar ute i grendene tapar.
Få deltakarar frå Telemark i NM på ski har skapt debatt om rekrutteringa. Det blir konstatert at det har gått tilbake med skisporten her i fylket. Den debatten fekk adrenalinet til å koke litt hjå Margit Bjåland.
Då eg høyrde på radioen folk som var forundra over at det ikkje var meir rekruttering til skisporten i Telemark, i og med at det var her skisportens vogge låg, tenkte eg med ein gong på den kunstgrasbanen i Kviteseid. Eg vil ikkje rette kritikk til Kviteseid idrettslag, for einkvar mjølar si eiga kake. Alle ynskjer det beste for seg, også eg, som sit i dette snø- og skiriket, understrekar den engasjerte dama medan ho slår ut med armane og viser utsikta over bygda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kostar å bringe fram
Når ein har valt å bu her, må ein vera glad i snø. Eg ser på det kvar dag og synest det er så flott. Her kjem snøen tidleg og reiser seint, dermed er det naturleg at ungane blir vande til vinteraktivitetar. Mange av ungane leikar på ski, men me skulle gjerne hatt fleire aktive skiløyparar. Men det skal pengar til. Å bringe fram løparar kostar. Det er ikkje det at eg misunner fotballmiljøet den nye banen, fotball er ein flott sport det. Men dei har fått ein stor pott med pengar, og ein fotballbane er då berre til bruk for fotballinteresserte, poengterer Bjåland.
Ho er ikkje imot at dei fotballinteresserte får ønska sine oppfylte, men reagerer på politikarane som løyver så store summar til ein stad, til ei idrettsgrein.
Om ikkje kommunen hadde tenkt så stort, kunne grendene ha fått kvar sin pott, slik at ein kunne få fram ulike utøvarar, anten det gjeld innan skiidrett, sykkelsport eller til dømes friidrett. Alt slikt kostar pengar. Eg synest det er feil at ein så stor pott berre blir bruka til eitt tiltak. Dessutan har kommunen bunde seg til å vedlikehalde banen i mange år framover, noko som kostar tusenvis av kroner, seier ho og etterlyser ei meir rettferdig fordeling av midlane.
Mykje dugnadsarbeid
Skal noko bli gjort her i Morgedal, er det gjerne på dugnad. Mykje arbeid av det slaget blir utført, men det er grenser for kor mykje ein orkar, sukkar ho.
Ho beundrar føresette, som også kjem frå Ordal, Åsgrend og Brunkeberg, som kjem til Morgedal for å vera med på forskjellig dugnadsarbeid i tilnyting til ulike arrangement, anten det til dømes gjeld skileik på Kleivjordet, Morgedalsleikane eller i samband med Morgedal Mountain Challenge, som går føre seg sommarstid.
Kviteseid kommune er ikkje berre Kviteseid sentrum, men også alle grendene rundt. Alle ynskjer det beste for oppveksten til ungane, og vil gjerne ha aktivitetar på heimstaden. Fotball er bra det, men me må hugse på at mange andre interesser og grupper også treng tilskot, minner ho om.
Margit Bjåland er frustrert over manglande kommunalt vedlikehald i Morgedal.
Gateljosa her lyser ikkje. Fordi kommunen ikkje har råd, kanskje. Når det gjeld den indre vegen, har han knapt blitt stelt sidan den ytre vegen kom. No er han så fæl at skulebussen vel snart nektar å køyre der. Elles kan eg nemne ljosløypa i Brunkeberg, som også treng pengar til opprusting. Løypa blir mykje bruka av oppvekstsenteret i Brunkeberg, og er såleis viktig for starten på heile rekrutteringa til skiidretten her i området. Når kommunen brukar ein så stor sum berre til kunstgrasbanen, seier det seg sjølv at noko må det gå ut over. Og det er grendene som blir taparar, konkluderer ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Held oss på same nivå som før
Ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito (Sp), avviser at utkantane tapar i høve til satsinga i kommunesenteret.
Me har vore medvetne på å halde tilskota på tilsvarande nivå som før, og har tildels også auka løyvingane. Men Kviteseid skule er hovuddimensjonsgrunnlaget for at me satsar slik me gjer. Skulen er ein stad der alle elevane i kommunen møtest dei siste åra av grunnskulen, og det er difor viktig at det er eit attraktivt område for ungdomane. Eg ser det som positivt at alt dette, både fleirbrukshall, kunstgrasbane, skjotebane, kulturskule og ljosløype, ligg i tilknyting til skuleområdet, seier ordføraren.
Han poengterer at kommunen ikkje har redusert løyvingane til andre tiltak, men har hatt fokus på å halde nivået oppe.
Så langt me kan stiller me oss positive til søknadar. Av løyvingar den siste tida kan nemnast 20.000 kroner i tilskot til Kviteseid kunstforening, 80.000 kroner til reiselivsbedriftene i Vrådal som har slege seg saman om vintermarknadsføring og 20.000 kroner til Morgedalsleikane, som kommunen er hovudsponsor for. Elles er kommunen ein aktiv medspelar i Morgedalsprosjektet, og i Vrådal skal sentrum rustast opp dei komande åra, fortel Tveito.
Elles tek eg hatten av for pådrivarane i Morgedal, og kommunen pårøvar så langt som mogeleg å vera ein medspelar og katalysator for tiltaka der, kommenterer han.
Kunstgrasbanen i Kviteseid
* Kviteseid kommune eig og driv banen som blei opna i september i år.
* Den totale kostnaden for anlegget kom totalt på kring 7,5 millionar kroner.
* Finansiering: Kviteseid idrettslag har bidrege med kring 1,4 millionar i innsamla midlar, tilskot frå statlege spelemidlar er på 2,3 millionar kroner og resten, 3,8 millionar kroner, er kommunale midlar.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Kommunen har bunde seg til å drive banen i 40 år.
* For inneverande år har kommunen budsjettert med 160.000 kroner til drift av banen.
(Kjelder: Kviteseid kommune)