Ny veg blir billigast
Vinje kommune har tatt på seg planlegging av nye E134 mellom Åmot og Vinjesvingen. Men skal vegen gå på nordsida av Vinjevatn som i dag, eller skal ein bygge ny på sørsida? 8. februar er siste frist for innspel.
Både alternativ 1, nordsida, og alternativ 2, sørsida, hadde tilhengjarar som møtte fram på det opne møtet om planprogrammet for europavegstrekninga. Politikarane i Vinje vedtok i fjor at kommunen skulle planleggje strekninga sjølv i staden for å vente på at Statens vegvesen skulle ta på seg oppgåva, slik vanleg praksis er. Dei fekk godkjent dette, og leigde inn konsulentfirmaet Multiconsult til å utarbeide planprogrammet.
På eit ope møte på Vinjehuset førre veke, orienterte Ole Vidar Homleid i Multiconsult om stoda så langt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sørsida billigast
Homleid understreka klart og tydeleg at vegen ikkje tilfredstiller dagens krav til vegstandard. Difor må det monalege utbetringar, omlegging og mange tunnelar til dersom dette framleis skal vera framtidas vegtrasé. Multiconsults førebelse tal viser at vegen på nordsida vil koste 688 millionar kroner, medan ein ny trasé på sørsida vil koste 622 millionar kroner, båe tala med ein margin på pluss/minus 25 prosent.
Ein veg på nordsida, altså på same sida som i dag, ser altså ut til å bli 60 millionar kroner dyrare enn å legge han på sørsida. I tillegg kjem store utfordringar knytt til busetnaden langs vegen i dag og trafikktryggleik. Ein vil heller ikkje ha omkøyringsmoglegheiter ved ei slik utbygging, noko som vil komplisere det heile og også gjera det dyrare fordi ein i mykje større grad må byggje anleggsvegar, sa Homleid.
Han trekte fram som positivt at vegen i dag ligg på solsida. Men elles var signala tydelege om at vegen på sørsida står fram som det beste og mest realistiske alternativet for framtida.
Ikkje alle var samde i det, og både Øystein Høgetveit, SV-politikar og bøgrending, og Jan Falk, busett på sørsida av Vinjevatn, tok til orde mot å leggje vegen på andre sida enn i dag. Dei meinte mellom anna at problemområdet Kjeringdalen framleis ville bli ståande som ein flaskehals med framlegget som i dag ligg føre for nordsida.
Høgetveits alternativ innebar fleire og lengre tunnelstrekningar enn Multiconsults alternativ. Ein kilometer tunnel blir rekna til å koste mellom 100 og 120 millionar.
Bjørn Arne Lindskog, Høgre-politikar og næringsdrivande i Haukeli, var tydeleg i tala si:
Me må vera forsiktige med å laga eit makkverk av ein plan, då får me det aldri godkjent. Me må ha ein flat, brei og sikker veg. Sjå til Notodden i høyringsuttala si har dei sagt dei vil ha den nye vegen mellom Elgsjø og Ørvella utanom sentrum, sa Lindskog.
Dyrare med fleire tunnelar
Årsaka til at kommunen valde å ta på seg prosjektet var å få fortgang i det. Men dersom ein ikkje kjem fram til eit økonomisk akseptabelt alternativ, vil ein ikkje få han godkjent slik at han kjem med i nasjonal transportplan (NTP). Difor understreka både Børge Skårdal, dagleg leiar i AS Haukelivegen, og plan- og økonomisjef i Vinje, Jan Myrekrok, to viktige poeng: Resultatet må vera økonomisk forsvarleg samstundes som vegen held høg kvalitet etter dagens og framtidas krav. Kommunen vil gjennomføre ei konsekvensutgreiing på same måte som Vegvesenet ville gjort om dei hadde planleggingsansvaret, men vil lage reguleringsplan utan å gå vegen om ein kommunedelplan. Dette ville blitt for tidkrevjande til å koma med i neste rullering av NTP.
Artikkelen held fram under annonsen.
Forslaget kommunen legg fram må vera ein god, framtidsretta veg. Prosjektet må ikkje vera dyrare enn det må vera. Mykje tunnel gjer prosjektet dyrare, og me vil ikkje få det godkjent, sa Skårdal.
Om vegen skal gå utanom eller gjennom Åmot sentrum vil ein ta stilling til seinare. Fyrst skal kommunestyret vedta om dei ynskjer ny veg på sørsida eller ikkje.
E134 Åmot Vinjesvingen
E134 mellom Åmot og Vinjesvingen er ei vegstrekning prega av mykje stopp og trafikkuhell vinterstid. Smal veg, mange vonde svingar, bratte skråningar og mykje stigning gjer at vegen er langt unna europavegstandard. Strekninga er ein flaskehals på vegen mellom Åmot og Bergen.
I 2003 var kommunen lei av å sitje på gjerdet og vente på ny veg. Politikarane vedtok då å legge inn i kommuneplanens arealdel eit forslag til ny trasé sørvest for Vinjevatn altså på andre sida av vatnet enn i dag, der er lite busetnad og betydeleg mindre høgdeforskjell.
I november 2011 fekk kommunen klarsignal til å starte planlegginga av vegen sjølve. Det er ikkje vanleg at ein kommune får ansvaret for planlegginga av ein europaveg. Vanlegvis er det Statens vegvesen som har ansvar for vegplanlegging.
Vegen mot ny veg
Sjølv om ein er godt i gang, er det ein lang prosess mot målet. Fyrst skal kommunen utarbeide eit overordna planprogram, der ein tek for seg alle relevante forhold som skal utgreiast nærare i det vidare planarbeidet. Hovudtemaet er om ein bør utbetre eksisterande veg eller legge han på sørvestsida av Vinjevatn. Forslag til planprogram er ute til offentleg høyring. Innspel frå høyringsprosessen må deretter innarbeidast i saksdokumenta før kommunestyret skal gjera vedtak i saka, venteleg etter påske.
Deretter kjem ei konsekvensutgreiing, og etter kvart eit konkret planforslag (reguleringsplan). Viss konklusjonen blir ny veg, må dei fleste detaljar langs Vinjevatn, påkopling i båe endar og forholdet til Åmot sentrum vera avklart. Ei problemstilling er om vegen skal gjennom eller utanom sentrum. I november 2013 skal planutkastet bli lagt ut på høyring, før det kjem til politisk handsaming att i fyrste kvartal av 2014. Plansjef Jan Myrekrok og dagleg leiar i AS Haukelivegen, Børge Skårdal, håpar eit endeleg vedtak er klart i løpet av 2014.
Deretter må ein arbeide politisk for få vegstrekninga med i Nasjonal transportplan (NTP). Prosjektet er førebels kostnadsrekna til mellom 500 og 750 millionar kroner.