Eva laga jubileumsbunad av telemarksku
Under husflidsutstillinga på Dyrsku’n fekk Eva Grøntoft Dybdahl frå Seljord 58 av 60 moglege poeng for den spesielle bunaden, og dermed fyrsteplass i tekstilformgjeving.
– Det er landets strengaste husflidskonkurranse, så dette tek eg til meg, seier syerska.
Eva har sauma bunadar sidan 1986, då eldstedottera hennar stod til konfirmasjon. Ho blei den stolte eigar av Eva sin aller fyrste bunad. Eva har ikkje tal på kor mange ho har laga sidan den gong. Men mange er det.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me er på besøk i kjellaren hennar, der ho har eit saumerom fullt av tekstilar og både halvferdige og ferdige prosjekt. Midt på golvet står gull-bunaden på ei utstillingsdokke.
Mykje tid til planlegging
Tidlegare i år tok ho nemleg på seg eit litt annleis oppdrag. I høve jubileumsåret til Dyrsku’n, spurde ho om dei kunne tenke seg ei jubileumsdrakt. Då ho fekk eit begeistra «ja» til svar, var ho ikkje sein med å starte planlegginga. Ho teikna i veg og samla inn stoff, og då bunaden stod til utstilling i husflidshallen under årets Dyrsku, var dommarane veldig imponerte. Eva har fått fleire fyrste- og andrepremiar på husflidsutstillinga tidlegare, men dei siste åra har krava blitt mykje strengare, difor er ho ekstra stolt i år.
– Grunnen til at dei trekte to poeng, var at dei syntest eg skulle hatt ein meir «knæsj» farge på nuperellene på skjorta. Så eg er ganske stolt over at det ikkje var på utføringa. Heile designet er jo mitt, seier ho med eit smil.
– Det blei nokre månadars arbeid, ja, seier ho.
Skinn frå telemarksku
Tanken bak den spesielle bunaden var ein kombinasjon av to jubileum.
– Eg tenkte det ville vore moro å laga ei flott drakt til 150-årsjubileumet, og temaet for jubileet var ku. Så kom eg på at Telemarkskua også er 160 år i år, og då blei det fristande å kombinere desse to. Difor reiste eg bort på Nordigard Bjørge og kjøpte skinn frå telemarksku. Den har altså beita hjå naboen min, forklarer ho, medan ho peikar på detaljane på bunaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nokre av trekka på bunaden er henta frå Vest-Telemark-bunaden. Det meinte ho var rett og rimeleg sidan me trass alt er i Seljord. Elles har ho stort sett gjort akkurat som ho vil. Bunaden er todela, og ku-skinnet er bruka både på bunadveska og som dekor rundt om på bunaden. Det grøne ullstoffet symboliserer enga kyrne beiter på, og rosene på sylvet og på skjorta symboliserer blomsterenga. Sølja i halsen er veldig gamal, og veldig spesiell. Sølja er sjølve krona på verket. Naboen til Eva, Tone Trydal, har laga mansjettknappar og ei sølje med mønster etter ei teikning av ei telemarkskyr. Sølja skal brukast på eit sjal som snart er ferdig.
– Skal du ha bunaden sjølv no, då?
– Nja, då må eg legge han ut! Så eg vil nok heller selje han, ler ho.
Litt oversett
Det var mykje som skjedde under årets Dyrsku, mellom anna med besøket frå Kronprinsparet. Eva synest det var synd at dei ikkje blei invitert innom utstillinga.
– Det var ei aldeles nydeleg utstilling i år, og det er eit enormt arbeid som ligg bak kvart enkelt innleverte arbeid, fortel ho.
Ho føler at dei blir oversett.
– Eg synest det er rart at Noregs flottaste husflidsutstilling ikkje får meir merksemd, avsluttar ho.