Iata får eigedomsskatt
Mot dei to røystene til Frp har Nissedal kommunestyre sagt nei til å frita Indre Agder og Telemark avfallsselskap (Iata) for eigedomsskatt på anlegget i Haugsjåsund.
Eigedomen er taksert til 1 620 000 kroner, og er utlikna med ein eigedomsskatt på 11 340 kroner. Iata klaga på vedtaket, og varsla at det kunne påverke renovasjonsgebyra, noko som også vil gjelde abonnentar i dei tre andre eigarkommunane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Viss Iata ikkje får fritak, vil dei leggje på avgiftene. Det synest eg er litt på kanten, sa Jørgen O. Nes (Frp) i kommunestyret.
– Det var ikkje nokon godt skrive fritakssøknad, sa ordførar Halvor Homme (Ap) rett før han klubba saka.