Medan Paul-Willy Setane (t.h.), Andrea Fjalestad, Hølje Haugsjå og Runa Vee Tveit (med ryggen til) i Ap hadde eit kort gruppemøte om tilleggsforslaget til Sp, sat Magne Haugsjå (t.v.) og Geir Christian Enger (båe KrF) med sine klare meiningar i skulesaka.
Medan Paul-Willy Setane (t.h.), Andrea Fjalestad, Hølje Haugsjå og Runa Vee Tveit (med ryggen til) i Ap hadde eit kort gruppemøte om tilleggsforslaget til Sp, sat Magne Haugsjå (t.v.) og Geir Christian Enger (båe KrF) med sine klare meiningar i skulesaka.

KrF hardt ut mot femdagars skule

I kommunestyret i Nissedal stod KrF på med argument for ikkje å innføre femdagars skule for dei minste elevane i Treungen. Bare Frp hadde same meininga.

Sp, Ap og Høgre i Nissedal formannskap har tilrådd kommunestyret å seie ja til femdagars skule for alle elevane i Treungen, og ikkje bare for dei på Fjone og i Nissedal. KrF gjekk for å ha slikt tilbod bare på dei to grendeskulane. Argumentet for eit nei til heil skuleveke i Treungen gjekk på belastinga for elevane som bur lengst vekk, til dømes på Felle.

– Me må sjå om ein kan løyse dette på best mogleg måte ved kanskje å tilby midtskyss på onsdagane, innleia ordførar Halvor Homme (Ap) saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pressa inn i SFO

Dei orda var ikkje nok til å endre synet til Magne Haugsjå (KrF).

– Dette skulle vere ei skikkeleg gladsak der kommunen stør brukarane i kva dei ynskjer. 85 prosent av foreldra som svara på ei spørjeundersøking vil behalde noverande ordning med skule fire dagar i veka for dei minste. Så må eg tale litt på vegne av meg sjølv som bur i Haugsjåsund. Det er sjølvsagt Haugsjåsund det går ut over denne gongen også. Dei er halvannan time kvar skuledag i buss og bil, sa Haugsjå.

Når det no skal kome ein ekstra skuledag, onsdagane, hadde ikkje Haugsjå sett noko om at det totalt blir fleire undervisningstimar.

– Men bare noko innhaldslaust SFO som elevane blir pressa inn i. Tenk dykk veldig godt om – dette er ikkje noko framover i tid viss det er det de trur. Å bruke det som argument at alle andre gjer dette er det dummaste eg har høyrd nokon gong, sa Haugsjå om fem skuledagar i veka for dei minste.

– Her må de stikke fingeren langt ned i jorda og faktisk kjenne etter kva som er bra for barna, heldt han fram.

Heim til tomt hus

Om det er ei ordning der elevane er på skulen halv dag og så blir køyrd heim (midtskyss), viste Haugsjå til at dei på mellomtrinnet har SFO å gå til både på Felle, Fjone og i Nissedal.

– Bur du i Haugsjåsund får du ikkje SFO. Der må barna kome heim til tomt hus midt på dagen, sa Haugsjå.

Så nemnte han eit døme om ein bur på Fjalestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er bare sånn! (Haugsjå knipsa med fingrane) så er skulen på Fjone lagt ned, og då har de same problemet som me har, sa Haugsjå.

Han la til at onsdagane når dei minste ikkje er på skulen, kan ein få gjort unna til dømes tannlegetimar for barna.

Merkeleg

Partifelle Geir Christian Enger gjekk i formannskapet sterkt imot femdagars skule i Treungen, og hadde ikkje skifta meining sidan då.

– Kor mykje skal me bruke av pengar når me veit at me står framom kanskje trongare tider framover. Å bruke pengar på eit tilbod foreldra ikkje etterspør synest eg er litt merkeleg. At elevane på Felle og i Haugsjåsund må reise til skulen i Treungen endå ein dag meir synest eg ikkje noko særleg om, sa Enger.

Ian Parry-Jones (Sp) forstod bekymringa som kom fram om reisevegen. På vegne av partiet sitt kom Parry-Jones med eit tilleggsforslag rundt det med å innføre femdagars skule i Treungen: «Rådmannen må finne det alternativet som er mest gunstig økonomisk for å innføre midtskyss for elevane ved Tveit skule som har rett på skyss».

Forslaget frå Sp blei samrøystes vedteke, etter at Jørgen O. Nes (Frp) og KrF-politikarane Magne Haugsjå, Bjarne Reime og Geir Christian Enger blei aleine om å seie nei til fem dagars skule også for dei minste elevane som går i Treungen.