Ingen aktivitet i gruva i sommar
Søftestad gruber venneforening og Nissedal kommune har ikkje hatt same synet på drift av opplevingssenteret. Besøkjande møter stengt gruveområde i sommar.
I fleire år har Søftestad grubers venneforening sytt for å halde gruveområdet i Nissedal ope for besøkjande. Slik drift av opplevingsstaden blir det ikkje i år, kjem det fram av eit referat frå eit møte mellom foreininga og Nissedal kommune.
Til møtet kom rådmann Sverre Sæter, næringskonsulent Hildegunn Rønningen og politikar Jørgen O. Nes frå kommunen. Frå foreininga møtte Jon Aamo, Margit Johansen, Øystein Graver og Odd Pedersen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Finne pengar saman
Nissedal kommune har ansvaret for gruveområdet og utgifter spesifisert i avtale med grunneigaren. Dette gjeld kostnader for kommunale utgifter, straum og forsikring. Leigeavtala legg elles til grunn at det skal vere drift av gruveområdet i samsvar med ei arkitektoppgåve som er utført. Kommunestyret har tidlegare i år gjort vedtak om at ein førebels ikkje jobbar vidare med idear frå oppgåva.
Om det ikkje blir drift i tråd med oppgåva har kommunen ansvaret for å utarbeide ny avtale med grunneigar. Men fyrst skal ei prosjektgruppe, som blei sett ned for å jobbe med idear frå arkitektoppgåva, og foreininga arbeidet vidare i år for å prøve å finne pengar til vidare drift i tråd med oppgåva, står det i referatet.
Ikkje kapasitet
Tidlegare i år vedtok kommunestyret å gje foreininga 30 000 kroner til vidare drift av gruveområdet. Summen er ikkje stor nok, og dugnadsarbeidet frå foreininga er lagt ned då det ikkje lenger er kapasitet eller overskot til å halde fram. Det betyr at gruveområdet blir stengt i sommar, og tilskotet på 30 000 kroner går tilbake til kommunen.
På møtet mellom partane kom det klart fram at det er ulikt syn mellom kommunen og foreininga om kva som har skjedd og kva som burde ha skjedd i saka om drift av gruveområdet. Det blei semje om å halde seg til politiske vedtak som er gjort, for så å sjå kvar vegen går vidare.
I siste setning i referatet frå møtet mellom kommunen og foreininga står det:
«Me må framsnakke kvarandre!»