Vil sjølve bestemme over grendeskulane
Dei som bur på Fjone, Felle og i Kyrkebygda i Nissedal vil sjølve bestemme over grendeskulane. Skulen er for viktig til at kommunepolitikarane skal avgjera om grendene skal ha eigen skule eller ikkje, meiner engasjerte grendefolk.
Kommunestyret i Nissedal har i eit vedtak frå 2000 bestemt av skulestrukturen skal vera som no, med fire ulike skular, så lenge elevtalet gjev todeling av skulen. Elevtalet har minka og det spøkjer for todelinga både på Fjone og Felle skular. I vår sette Utval for oppvekst og omsorg (OO-utvalet) ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på skulestrukturen i Nissedal etter 2003. Utvalet har Kåre Rønningen som leiar og Margareth Normann, Sissel Merete Borstad og Tor Jakob Tveit som medlemmer.
Mandatet til gruppa er å finne ut elevtalet framover, vurdere kvalitet i undervisningstilbodet, sjå på personalmessige omsyn og vurdere økonomien. Foreldreråd, samarbeidsutval og tillitsvalde skal få kome med uttaler før eit framlegg frå utvalet blir lagt fram til politisk handsaming innan 15. september, heiter det i vedtaket.
Artikkelen held fram under annonsen.
For å vere sikre på å bli høyrde i vurderinga tok Anne Nora Oma Dahle og Torgeir Fossli initiativ til at grendefolket kom saman for å drøfte situasjonen. I regi av samarbeidsutvala ved Fjone-, Felle- og Kyrkjebygda skule møttest representantar for utvala, tilsette ved skulane og andre til eit drøftingsmøte på Fjone skule måndag.
Vil sjølve bestemme
Sjølv om det også kan vera negative sider ved små grendeskular var dei som møttest på Fjone samde om at plussfaktorane var i klar overvekt. Alle var opptekne av å kjempe for å behalde skulen i grenda si. Også om elevtalet skulle bli for lite til todeling.
Me er lei av kampen for grendeskulen. Får aldri fred for maset om nedlegging fordi elevtalet ikkje er jamt høgt. Det burde ha vore slik at fleirtalet i grendene sjølve bestemte om ein vil ha eigen skule eller ikkje. Kommunestyret skulle bare betale og rette seg etter meininga i grenda, meinte Margareth Normann frå Felle. Ho er også kommunestyrerepresentant frå Sp og med i arbeidsgruppa som ser på skulestrukturen.
Anne S. Carefoot frå Kyrkjebygda krins, også ho kommunestyrerepresentant for Sp, fylgde opp med å seie at skulen er viktig for fleire enn elevane som går der og foreldra deira.
Skulen er samlingspunktet og viktig for alle som bur i grenda. Intensjonen bak val av skule bør vera elevanes beste, ikkje kommuneøkonomien, hevda ho.
Bruke positive argument
Rektor ved Fjone skule, Bjørn Leirvik, hadde undersøkt kva bygder i andre delar av landet hadde gjort for å behalde skulen, og viste til ei bygd i Finnmark som etter hans syn hadde gjort det på rette måten.
Folk i Austertana tok opp kampen med bare positive argument, heilt utan sutring. Dei satsa på annonsekampanjar og lesarinnlegg i lokalavisa som framheva det positive med å ha skulen, og nådde fram til politikarane. Det er kanskje noko me også bør gjere, spurde han.
Ris bak spegelen
Dei frammøtte var samde om at ein offentleg skule var det beste, men skulle det gå så gale at kommunestyret ville sentralisere var dei ikkje framande for å starte privatskule. Det blei vist til kampen Kilegrend i nabokommunen Fyresdal kjempa for nokre år sidan, og tapte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Privatskulelova er endra no og gjev oss eit mykje betre utgangspunkt både for å starte opp og når det gjeld økonomi, hevda rektor Leirvik.
Vurderinga av skulestrukturen skulle ha vore ferdig i denne kommunestyreperioden, men det blir det neppe tid til. Det blir derfor det nye kommunestyret som skal avgjere framtidig skulestruktur i Nissedal.
Me får finne ut kva kandidatane meiner om grendeskulane før me stemmer på dei og la dette bli eit skuleval uavhengig av kva for parti me elles brukar å stemme på, kom det forslag om.
Vil møte politikarane
Kommunen hadde bestemt at det skulle vera folkemøte på Felle og Fjone om skulestrukturen høvesvis 25. og 27. august, men det var det få som hadde fått med seg. Kommunen fekk kritikk for kort frist og for dårleg annonsering og møtelyden ville be om utsetjing av møta.
Dessutan var det fleire som ynskte folkemøte der dei nye politikarane fekk klar beskjed om kva folk i grendene meinte om skulestrukturen. Konklusjonen på dette møtet var i alle fall klar; grendeskulane skulle bestå. Skulle det ein gong i framtida vera aktuelt å legge ned skulen og køyre ungane til Tveit skule i Treungen, skulle i alle fall grendene sjølve bestemme det.