I Seljord og Kviteseid går dei frå 21 til 17 representantar
114 personar skal no veljast inn i dei seks kommunestyra i Vest-Telemark.
Kommunestyra i både Seljord og Kviteseid blir reduserte i neste valperiode frå 21 til 17.
Om det i inneverande periode hadde vore 17 medlemmer i kommunestyret i Seljord ville Senterpartiet mista to representantar. Arbeidarpartiet og Høgre ville mista ein kvar. Fyrst ved ein reduksjon til 15 ville eitt parti mindre (Venstre) vore representert i kommunestyret.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tida er inne for ein reduksjon. Ved å redusere frå 21 til 17 vil det framleis vera ein brei representasjon, uttala Edvard Mæland (H) i kommunestyremøtet før jol i fjor.
– Me treng ei brei samansetning. Kvar av representantane har sine kontaktpunkt. Det er kan hende ikkje dramatisk å redusere til 17, men kvifor? Oppslutninga ved val minkar, og vegen å gå er ikkje å redusere talet på kommunestyremedlemmer. Dette bør ikkje handle om å spare pengar – men om demokrati, folkestyre og nærleik, meinte Lars Bjaadal (Sp).
Det vil framleis vera sju representantar i formannskapet og plan, miljø og teknisk utval i Seljord.
Fjernar utvala
I Kviteseid blir det ingen hovudutval neste periode, men formannskapet vil ha sju medlemmer.
– Sjølv om hovudutvala kan verre ein læringsarena for nye politikarar, er det ikkje nok saker som vert handsama i utvala. Det er utvalet si meinig at desse heller kan handsamast i formannskapet, eller direkte i kommunestyret, heitte det i saksutgreiinga om den politiske organiseringa i fjor haust.
Vedtaket om å redusere talet på kommunestyrerepresentantar blei vedtatt mot ni røyster.
I Vinje vil det også dei neste fire åra vera 25 medlemmer i kommunestyret. I Tokke er det også uendra med 21 representantar. Kommunestyra i både Fyresdal og Nissedal held fram med 17 representantar.
Les også: Neste periode blir det fire færre i kommunestyret
Artikkelen held fram under annonsen.
Vinje kommunestyre 2015–2019 (25 representantar)
Sp 10
Ap 7
H 3
SV 3
Frp 1
V 1
Tokke kommunestyre 2015–2019 (21 representantar)
Artikkelen held fram under annonsen.
Sp 11
Ap 9
KrF 1
Seljord kommunestyre 2015–2019 (21 representantar)
Ap 6
Sp 6
H 5
Frp 1
Artikkelen held fram under annonsen.
KrF 1
MDG 1
V 1
Kviteseid kommunestyre 2015–2019 (21 representantar)
Ap 9
Sp 5
KrF 3
H 2
Artikkelen held fram under annonsen.
V 1
MDG 1
Fyresdal kommunestyre 2015–2019 (17 representantar)
Ap 10
Sp 7
Nissedal kommunestyre 2015–2019 (17 representantar)
Ap 7
Sp 5
Artikkelen held fram under annonsen.
KrF 3
Frp 1
H 1