Helga Landsverk og Baiba Sheine er samde i at Vinje kommune er gode på pleie og omsorg.
Helga Landsverk og Baiba Sheine er samde i at Vinje kommune er gode på pleie og omsorg.

Noregs beste på pleie og omsorg

På kommunebarometeret for 2013 sikrar Vinje kommune seg fyrsteplassen innan pleie og omsorg.

Kvart år blir det utarbeidd eit kommunebarometer av Kommunal Rapport mellom anna basert på tal som kommunane sjølve har rapportert inn til Statistisk sentralbyrå. I år skårar Vinje kommune aller høgast i landet på pleie- og omsorgsbiten. Det er assisterande helse og omsorgssjef i Vinje, Alv Dag Brandal, særs nøgd med.

– Me har lege høgt på desse målingane i fleire år, men at me no er heilt på topp er eit gledeleg nyhende for både leiarar og dei som nyttar seg av tenestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor kapasitet

Ein av faktorane som er trekt fram i kommunebarometeret er tilgangen på omsorgstenester. Vinje har god sjukeheimsdekning i tillegg til at mange får heimesjukepleie. Dette meiner Brandal er ein av nyklane til gode pleie- og omsorgstenester.

– Me skil oss ut med å vera gode på heimebaserte tenester òg. Det er derfor me er på topp. Mange kommunar vel å satse på berre ein av delane. Me har god kapasitet på omsorgssentra og -bustadane i Rauland og Edland. Desse går inn under heimebaserte tenester.

Demenssjukepleiar ved Vinje sjukeheim, Hilde Storli, fortel at dei ikkje har venteliste og at dei prøvar å vera fleksible.

– Me tek dei behova som kjem, når dei kjem. Nokre gonger får me til dømes spørsmål om å ta imot pasientar frå andre institusjonar som ikkje har plass sjølve. Det har me gjort fleire gonger.

Vest-Telemark

Også Fyresdal og Nissedal gjer det godt innan pleie og omsorg i kommunebarometeret med høvesvis ein fjerde- og ein tolvteplass i landssamanheng. Hilde Storli trur ikkje det er tilfeldig at fleire av nabokommunane også gjer det godt i undersøkinga og kan fortelje at dei samarbeider på tvers av kommunegrenser.

– Me har blant anna hatt ein pårørandeskule saman med Tokke. Dette fekk me gode tilbakemeldingar på. Sjølv om det er veldig moderne å snakke varmt om samanslåingar trur eg det ofte kan vera ein fordel å vera ein liten kommune. Men det å samarbeide med kvarandre trur eg er veldig nyttig, tilfører ho.

Høgt kompetansenivå

Vinje skårar også på at dei har mange tilsette med fagutdanning. Medan det i gjennomsnitt på landsbasis er 26 prosent som ikkje har relevant utdanning er Vinje nede i halvparten, 13 prosent.

Avdelingssjukepleiar Baiba Sheine ved Vinje sjukeheim i Åmot trur det høge kompetansenivået i kommunen er med på å trekkje til seg fleire arbeidstakarar med relevant utdanning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har eit godt fagmiljø. Dessutan trur eg det høge utdanningsnivået er med på å rette ekstra stort fokus på kvalitet. Me jobbar heile tida med å bli betre.

– Redda livet mitt

Helga Landsverk frå Rauland er ein av dei som nyt godt av helsetilbodet i Vinje. Ho har vore på Vinje sjukeheim heilt sidan 2004 då ho vart ramma av eit slag som gjorde ho lam i heile venstre side av kroppen. På spørsmål om ho kjenner seg att i den positive karakteristikken om pleie og omsorgstenestene i Vinje kommune er svaret klart:

– Det kan eg trygt seie. At det er bra å vera her, det er heilt sikkert! Her kjenner eg meg trygg. Noko av det beste er at eg føler meg heime her, då treng eg ikkje lengte heim.

At dei som jobbar på sjukeheimen er flinke er Landsverk heller ikkje i tvil om. Ho meiner ho ikkje hadde sete her i dag hadde det ikkje vore for at dei tilsette fanga opp faresignala då ho kjende seg dårleg ei tid tilbake.

– Eg kjende meg kvalm og hadde vondt i hovudet, men eg skjøna ikkje kor alvorleg det var. Då eg kom til sjukehuset fann dei ein blodpropp i armen min. Legen min fortalde at det hadde gått gale om den ikkje hadde blitt oppdaga så raskt.

– Det å vera her på sjukeheimen med flinke folk rundt meg redda livet mitt den venda.